Gabriela Cravo e Canela

av (forfatter).

Distribuidora Record de Servicos de Imprensa S/A, 1998 Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (2 terningkast.)

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Distribuidora Record de Servicos de Imprensa S/A,

Utgivelsesår 1998

Format Paperback

ISBN13 9788501005366

Språk Portuguese

Sider 363

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 2 0 0 0 0

Bokomtaler

Sjølv om tittelen tyder «Gabriela, nellik og kanel» så handlar boka i liten grad om nellik og kanel, men ganske mykje om Gabriela. Men mest av alt handlar den om byen Ilhéus på nordaust-kysten av Brasil.

Den sørlege delen av delstaten Bahia, der Ilhéus ligg, opplevde ein eventyrleg økonomisk vekst på 1920-talet på grunn av kakao-plantinga i området. Med utviklinga av kakaohandelen så blei det også eit maktskifte i regionen, frå dei mektige og krigerske jordeigarane til kakao-eksportørane og handelsstanden. Grunna vanskelege havneforhold måtte kakaoen først fraktast landevegen til delstatshovudstaden Salvador, og dermed mista Ilhéus store inntekter frå den vidare eksporten. Sjølve katalysatoren for, og symbolet på, det omtalte maktskiftet var etableringa av ei havn i Ilhéus som var stor nok til å ta imot lasteskip for direkteeksport av kakao.

Det er midt i desse omveltningane vi blir kjende med Nacib, ein livsnytar av Syrisk herkomst som driv ein populær bar i Ilhéus. Når kokka hans pakkar saman og reiser kvelden før han skal servere for eit viktig middagsselskap kjem han i knipe, for det er umogleg å oppdrive kokker i byen. Ved eit slumpetreff kjem han over Gabriela, som har flykta frå tørken i innlandet for å finne ein leveveg i byen, og det viser seg at ho lagar fabelaktig mat. Når ho i tillegg er ei særs attraktiv dame ligg det an til både romantikk og forviklingar.

Kjærleikshistoria er, sjølv om retninga den tek vakte moralsk forargelse i Brasil då boka kom ut i 1958, likevel den minst interessante delen av boka. Det som virkelig løfter forteljinga er Amado sine skildringar av eit rikt og variert persongalleri. Scenene frå byen er mala ut med humor og varme, og ein får beint fram lyst til å klatre inn i boka for å slarve litt saman med gamlekarane i bokhandelen, slenge seg nedpå ein time eller to i baren til Nacib om ettermiddagen, eller dra på rangel nattestid. Og det beste er at når boka er ferdig, så følest det som om eg har vært med på alt dette.

Dette er ei av Amado sine mest kjende bøker, oversatt til over 30 språk, og den er filmatisert i fleire omgangar, tre gangar som TV-serie (1960, 1975 og 2012) og som kino-film (1983). Kinofilmen er å finne her.

Baren til Nacib, Bar Vesúvio, fantest forøvrig i virkeligheita og lever enno i beste velgåande (og det er sikkert ikkje ein ulempe med reklamen frå boka).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Frå den adelege familia si arva han berre slektsnavnet, samt den aristokratiske vanen med å ikkje arbeide.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Faren hennar var like hard som det hardaste steinslag, og kunne nok sprekke opp, men aldri bøye seg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

- Kvifor forklare? Eg har ikkje lyst til å forklare. Forklaringar set grenser. Det er umogleg å setje grenser for Gabriela, å dissekere sjela hennar.
- Ein fabelaktig kropp, og ei fuglesjel. Trur de ho har sjel? - Josué tenkte på Gloria.
- Kanskje ei barnesjel? - Kapteinen prøvde å henge med
- Barnesjel? Kanskje. Fuglesjel? Tull og tøys, Josué. Gabriela er godhjarta, generøs, impulsiv og rein. Ein kan ramse opp dei gode og dei dårlege eigenskapane hennar, men aldri forklare dei. Ho gjer det ho elsker, og unngår ting ho misliker. Eg vil aldri prøve å forklare henne. For meg er det nok å sjå henne, vite at ho finnest.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar