Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I desse esseyane utforskar forfattaren soner i skjæringspunktet mellom kunst og samfunn, natur og kultur og mellom det sjølvsagte og det uhøyrde.
Omtale fra forlaget
Kritikaren Marta Norheim utforskar dei uklare sonene som dannar seg i skjeringspunkta mellom kunst og samfunn, mellom natur og kultur. Dette fører fram til spørsmal som: Kvifor er det så mange vampyrar i populærkulturen og så mange personlege historier i skjønn-litteraturen? Er den som likar dårlege bøker eit dårleg menneske, eller er det dei som tenkjer slik som er dei dårlege? Kva har skjedd når deltakaren oppfører seg som ein tilskodar, og korleis kan eg vite at ei bok er god? Blir vi overflatiske av å storforbruke sosiale medier eller blir vi meir sosiale? Kva er forresten gale med overflata? Og kva er i gjære når det misbrukte ordet natur tek til å dukke opp i samfunnsdebatten? Alle essaya er nyskrivne.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9788252182354
EAN 9788252182354
Språk Nynorsk
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Carl I. Hagen gjorde for mange år tilbake den genistreken å konsekvent gå over til å kalle folk for skattebetalarar. Og vi er jo det, mange av oss, men akkurat skattebetalar er ikkje den mest vidsynte og generøse rolla vi kan skilte med. Skattebetalaren er, eller kan i alle fall lett bli, ein gjerrig liten gnom. Spesielt viss nokon stadig fortel oss at pengane "våre" blir sløste med. Det kjennest som å gje lommeboka si med kort og kontantar til nokon med svak impulskontroll, og deretter sjå at dei går inn i den dyraste butikken i gata.
Eg veit ikkje om vi boklesarar har ein skytsengel. Vi har i alle fall ein demon, og han heiter Felix Bartholdy.
22 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket