Omtale fra forlaget
Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etterkvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I et forsøk på å redde livet prøver han å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å vere ei søkke.
Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som inkluderer Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004). Etter den hardkokte trilogien har Rein utforska andre lågsjangrar som farsen, zombi- og spøkjelsesforteljingar, og skrive dagbokdikt. Perspektivet i Rein sine tankevekkjande bøker, er alltid frekkheit nedanfrå. Rein fekk Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei Kaninbyen kåra til Europeiske Kulturhovudstads bok av innbyggjarane i Stavanger.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252190939
EAN 9788252190939
Språk Nynorsk
Sider 204
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket16 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketLitteraturfestivalen Kapittel går av stabelen her i Stavanger 14. - 18. september. Årets tema er vandring. Vi på biblioteket har laget en liste med over hundre aktuelle bøker til festivalen.