Omtale fra forlaget
Leikent og melankolsk om å stå utanfor og kikke inn.
I Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv.
Dei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788252198607
EAN 9788252198607
Språk Nynorsk
Sider 136
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHan hadde merka det lenge, men i starten tenkte han ikkje noko særleg over det. Det gjekk gradvis, og var vel dessutan naturleg nok? Det var berre ein av mange ting som det gjekk nedover med, hadde han tenkt. Synet - sjølsagt, han klarte seg ikkje utan brillene nokon plass lenger. Høyrselen - tvillaust, det var ti år sidan han hadde høyrt eit kløyva ord i surret av stemmer på personalrommet. Sexlysta - dessverre. Reiselysta, leselysta, nattesøvnen, trykket når han pissa, formidlingsevna, hygienen og sjarmen.