Omtale fra forlaget
Olav H. Hauge (1908-1994) er rekna som vår fremste lyrikar i etterkrigstida. Han gav i alt ut seks diktsamlingar, og samleutgåvene omfattar meir enn 400 dikt. Samstundes var han ein av våre fremste og mest originale gjendiktarar.
Hauges dagbøker gir innsyn i korleis han på eiga hand lærde seg framande språk og arbeidde med å føre dei utanlandske yndlingspoetane sine frå engelsk, fransk og tysk over i norsk språkdrakt. Denne samlinga er ei auka utgåve av Dikt i umsetjing, som Noregs Boklag gav ut i 1982. Her er òg dei nye omsetjingane i Frå Rimbaud til Celan med. Boka har også med Hauges merknader, der han på sitt særeigne, korthogne vis kommenterer dei dikta han har omsett.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252185577
EAN 9788252185577
Serie Samlaget lyrikk
Språk Nynorsk
Sider 234
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
62 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketHer er bøker i samlinga mi med forfattarar frå fleire språkområde.