Omtale fra forlaget
I globaliseringas tidsalder skjer det ei oppbløming av regional- og minoritetsspråk. Språket blir sett på ikkje berre som eit kommunikasjonsmiddel, men like mykje som identitetsskapar og beint fram som ein menneskerett. Gjennom ulike språk kjem det til syne forskjellige syn på verda som det kan vera nyttig å få innblikk i. Med utgangspunkt i fleire språksamfunn i alle verdsdelar diskuterer forfattarane mellom anna problem som oppstår når ein skal velja skriftnorm. Skal ein gå inn for ein variant med høg sosial prestisje slik katalanarane har gjort det i Spania eller skal ein ha toleranse for dialektmangfaldet, slik ein har valt for nynorsken sin del? Boka er ikkje minst verdifull fordi ho set den norske språksituasjonen inn i den globale språkmosaikken som dei to forfattarane presenterer for oss. Johannes Nymark (fødd 1949) er førsteamanuensis i spansk ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Mellom spesialområda hans er sosiolingvistikk. Nymark har skrive fleire bøker og ei stor mengd artiklar om alt frå fotball og samfunn til språk og ulike emne om Spania og Latin-Amerika. Rolf Theil (fødd 1946) er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid og sosiolingvistikk. Theil har gjennom snart førti år skrive bøker og artiklar om språk og språktilhøve i Afrika, Asia og Europa. «Boka er eit kjærkomme bidrag i faglitteraturen om språk idet ho ser på aktuelle språksituasjonar og språkpolitiske tema i eit globalt perspektiv. (...) Etter mitt syn kan alle som er nysgjerrige på verda vi lever i, og språka som finst, ha glede av å lese boka.» - Berit Grønn i Communicare
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788245011463
EAN 9788245011463
Språk Nynorsk
Sider 303
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket