Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I 84 hefte, frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 førte Olav H. Hauge dagbok. Han skreiv om litteratur, men refleksjonane om poesi spesielt og dikting og diktarar generelt, er iblanda små og store hendingar frå kvardags- og arbeidsliv, tankar om folk i Ulvik, Hardanger og dei han elles møter kring i landet, om vêret, landskapet, språket, reiser i inn- og utland, politiske hendingar på riks- og lokalplan. Namneregisteret står i band 5.
Omtale fra forlaget
I 84 hefte, frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 førte Olav H. Hauge dagbok. Han skreiv om litteratur, men refleksjonane om poesi spesielt og dikting og diktarar generelt, er iblanda små og store hendingar frå kvardags- og arbeidsliv, tankar om folk i Ulvik, Hardanger og dei han elles møter kring i landet, om vêret, landskapet, språket, reiser i inn- og utland, politiske hendingar på riks- og lokalplan. Namneregisteret står i band 5.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2000
Format Pakker
ISBN13 9788252155181
EAN 9788252155181
Serie Hauge, O. H. Dagbok 1924-1994. Bindene selges ikke enkeltvis
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Her kjem det til å stå "leser" heilt til min døyan da tenker eg... så innhaldsrikt og underfundig!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketAlle må ha stimulans her i verdi. Alle må ha sine svæveråder. Grovarbeidaren grip til flaska, kvinnfolk til religion og nokre fåe livsudugande drøymarar til poesi og filosofi.
NÅR EIN FYK FOR HØGT
Når ein fyk for høgt - og det hendar ein gjer det - skal ein setje til livs kjøt og heimabrugga og so leggja seg til å sova. Når du so vaknar, tenkjer eg du er komen til jordi att.
Olav H. Hauge
SNORRE
I mine gutedagar fekk me lov å lesa kva me vilde; me fekk låna i folkeboksamlingi, og elles kunde det slengja bøker på gardane. Skitne og slitne var dei etter lesnad og utlån. Det var aldri nokon som gjætte på kva me las eller ikkje las. No skal ikkje ungar få koma i folkeboksamlingen, skulen har sitt eige bibliotek no. Det vert sjølvsagt etter som lærarane er. I folkeboksamlingane finst ikkje ei barnebok no lenger, endå mange vaksne kan ha hug å lesa barnebøker av og til. Eg meiner det elles er uråd å skilja imillom bøker for dei ulike aldrar. Sume er vaksne i barnealderen, og sume vert born i eldre alder, sume er born heile livet.
I fjor, det var endå tett fyre jol, kom ein gut or Stetti burt til meg. Eg hadde no snakka med han fyrr, og han hadde vore inn til meg. Han hadde lese ut den boki han hadde fenge lånt i skulen, og no spurde han um eg hadde noko. Ja, so fann eg Tom Sawyer til han. Og eit par bøker av Kåre Gullveng. Eg hadde gøymt dei bøkene frå eg var gutunge. Ei vike etter kom han att. Då fekk han med seg ei bok um Stanley, og ymist slikt. Eg såg han gjorde store augo då han fekk auga på Snorre. Til slutt hadde eg ikkje fleire bøker som eg tenkte kunde fanga hugen til slik ein 12-åring, for eg har ikkje nett mykje forteljingar. Men kunde han ikkje få låne Snorre? Den fær du sikkert låna i skulen, sa eg. Nei, han fekk ikkje det. Har dei ikkje Snorre der då? Spurde eg. Jau, lærerinna las høgt av henne stundom, men dei fekk ikkje låna henne. So fekk han med seg Snorre. Uppi vegen såg eg han stansa, pakke ut boki og tok til å sjå i henne. Stod lenge , nett som ein pinn. Nei so gjekk han nokre meter att. Stans på nytt. Stod som han var støyrd. Augo nagla i boki.
Han hadde henne 2-3 månader, men for fint med henne. Han kjem sikkert ikkje til å gløyma at han fekk lesa Snorre, kanskje han likevel kan tevla med speidarbøker og Disney.
Olav H. Hauge.
Band 1
DEI GAMLE DIKTARANE er nokon slue revar, dei var i slekt med kvinnfolki fyrr, dei visste det er ikkje klokt å visa alt med ein gong. Det kan nok løna seg so med det same, um dei har noko å visa fram, men i lengdi er det det dummaste dei kan gjera. Diktarane fyrr gav seg god tid, skreiv um både smått og stort, fyrr dei meir umveges eller liksom tilfellig kom med skattane sine, det fine poetiske biletet, den nye tanken. Dei okra med sitt pund. For dei visste at trass alt er perlor og dyre steinar ei sjeldsynt vare, som det gjeng lange tider for menneskeætti å produsera, og som difor ikkje skal sløsast med, men gjevast ei kostelieg innråming, og ikkje takast fram anna ved sjeldne høve. Dette visste dei gamle.
Dei unge skrik ut med sitt, kastar det i augo på folk, og det segjer seg sjølv at dei kjem i knipe med å skaffa nytt. Lenge hjelper dei seg med å plundra gamle gravstøder og heilage bøker og for ålmenta kan det sjå ut som eigen avl, at dei saug det or eigne tenner, for diktarane røvar utan å segja kvar dei har det frå, det er ganak vane; i grunnen tarv dei berre øva upp kjennarmina og form-evnam skapa treng dei ikkje.
Olav H. Hauge 1958
ØYDING AV TID OG PENGAR.
I dag var eg nedyver, og eg kjypte Dagbladet. Det er 50 øredet no. Og eg vil påstå eg vart ikkje korkje vitugare eller meir upplyst av det. Kjøper du deg Odyssevs-kvadet, so kostar det 12 kr. Og du har lesnad eit halvt år. Attåt kan du røkta ditt vanlege arbeid. Og eg er viss du vil segja det var ei rik tid. Dagbladet kostar 60 kr. for eit halvt år; skal du kjøpa det i bokhandel munaleg meir. Kva har du att? Jag, uro, og mykje dumme meiningar av folk som i grunnen er åndeleg umyndige.
band 1
Olav H. Hauge