Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller

prosa i utval

av (forfatter) og Ingar Sletten Kolloen (redaktør).

Samlaget 2016 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 4.75 (4 terningkast.)

18 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Ingar Sletten Kolloen, forfattaren bak boksuksessen Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, har i dette utvalet henta fram avisartiklar, essay, noveller, petitar og andre døme på Tor Jonssons meisterlege skrivekunst.
Spaltene i Dagbladet, Arbeiderbladet, Bygdeungdommen, Arbeidermagasinet og Kvinnen og Tiden stod vidopne for han, og han skreiv alltid mot den rådande meiningsstraumen. Politisk ukorrekt og i utakt med så vel dei urban-akademiske radikalarane på Blom, Grand eller Theatercafeen, som med nynorskintelligensiaen på Kaffistova.
Jonsson-biografen Kolloen har framfor kvart av prosastykka forklart bakgrunnen og samanhengen dei vart skrivne i. I eit perspektivrikt forord får han også fram kvifor mange av dei beiskaste stykka dessverre er høgst aktuelle også I våre dagar.
For med Tor Jonsson er det slik at han både i dikt og prosa vrengde sjela si for at vi kunne sjå oss sjølve litt betre.

Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytte til hans dramatiske og tragiske liv. I dikta står livslyst mot dødslengt, medan han som journalist sto fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, og ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2016

Format E-bok

ISBN13 9788252192780

EAN 9788252192780

Språk Nynorsk

Sider 158

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 3 1 0 0 0

Bokomtaler

Det er hundre år sidan Tor Jonsson vart fødd. Dei kritiske tekstane i denne boka er sterkt prega av tida dei vart skrivne i, og Noreg har endra seg mykje sidan han døydde i 1951. Likevel sting orda hans framleis med full tyngd når han skriv om herjingane til bygdedyret - eit omgrep han sjølv var opphavsmann til. Ei anna sak: Tor Jonsson skriv sers godt og langt i frå lettvint.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Den romantiske dyrkinga av det bygdenorske er uærlig. Det er berre ei side av bondekulturen som blir framsynt, den rosemåla.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er ikkje bra berre å stirre på uretten ute i verda, ein må òg ha auga for uretten i sitt eige miljø, skal alle menneskelege kjensler koma til sin rett. Elles kan det ende med at ein ser berre ein slags urett, -- ja, ein kan bli så rangsnudd av det at det at ein trur at det er retten som sigrar når menneske blir slakta ned.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

For meg er husmannen symbolet på åndeleg og materiell trældom. I husmannsverda låg dei menneskelege skaparkreftene bundne av fattigdom.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

18 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Essaysamlingar! I første omgong berre det eg sjølv har lest, kom gjerne med anbefalingar eg klør etter å lese fleire essays..


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Riverton - Sven Elvestad og hans samtid" av Bernt Rougthvedt
  • "Brennbart" av Kjartan Fløgstad
  • "Ankomst og avreise" av Arthur Koestler
  • "Raudt, svart" av Jon Fosse
  • "Siste sporvogn til Elysian Fields" av James Lee Burke
  • "20 filosofer" av Gunnar Fredriksson
  • "Berre kjærleik og død - ein biografi om Tor Jonsson" av Ingar Sletten Kolloen
  • "Det onde øye - essays" av Stig Sæterbakken
  • "Dikt i samling" av Tor Jonsson
  • "En uren, hvit stråleglans" av James Lee Burke
  • "Samlede skuespill" av Jens Bjørneboe
  • "Herr Leonard Leonard - roman" av Kjell Askildsen
Alle bokanbefalinger for dette verket