Omtale fra forlaget
Bakom kvite skyer er ein frittståande roman, men lesarane vil kjenna igjen persongalleriet frå dei tidlegare bøkene hennar med handling frå vikingtida. Dette er ei allalderbok som vil passa for lesarar frå 12 år, men vaksne vil ha like stor glede av boka.
På Hjaltland (Shetland) går Hallgjerd og ventar på kjærasten Torarin, som held til bakom dei kvite skyene i aust. Ho har orda til bestemora i øyra: "Bakom dei kvite skyene, der ligg heidningelandet Noreg". Hallgjerd lengtar etter den store kjærleiken. Torarin har lova at han ein gong skal koma attende til henne, men kor lenge kan Hallgjerd venta? Ho bur åleine på garden med bestemora, og ho pressar på for at den noko eldre naboen Unas skal få innpass.
Berit Vatne Vik held seg i skjeringspunktet mellom sanning og løgn. Historiske personar og hendingar er fletta inn i forteljingane hennar. Ho brukar eit fortetta, innhaldsrikt og vakkert språk, og skriv eit nynorsk det er ei glede å lesa. Forfattaren har lagt seg på eit litt meir moderne nynorsk enn tidlegare bøker.
Framsida er måla av den anerkjente kunstnaren Hennie Andersen. Biletkunstnaren, som har hatt fleire utestillingar på Osterøy, har medverka til at boka er eit lite kunstverk i seg sjølv. Ho har henta hovudpersonen ut or teksten og plassert henne under den høge himmelen på Shetland.
Forlag Leirfuglen forlag
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788269062601
EAN 9788269062601
Omtalt tid Vikingtiden
Omtalt sted Shetlandsøyene
Språk Nynorsk
Sider 96
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket