2018
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik, som er redaktør for det vakre juleheftet, vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken og mange andre. Rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk inkludert.
«Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.»
Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma: Herborgs verden, Eg og Edith, Kjære landsmenn, eller songane våre: Kråkeviks songbok. No har Kråkevik vekt til live den gamle tradisjonen med litterære julehefte; Juleroser har blitt eit av dei aller mest etterspurde julehefta i juletida.
Forlag Egmont Publishing Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788242957856
EAN 9788242957856
Genre Godnatthistorier
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 77
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!