Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Korleis leve vidare etter at den næraste har valt å gi opp livet?
Mie har dei siste par månadene budd på familiehytta saman med søstera Rakel og far deira. Her har søstrene vore i helger og feriar gjennom heile oppveksten, men no er det éi som manglar: mor. Mie forstår ikkje korleis livet berre kan gå vidare, og heller ikkje korleis dei andre to kan takle det som har skjedd. Ho minnest barndommen og tida fram mot gravferda, og prøver på eiga hand å finne svar på spørsmåla som tapet av mora etterlèt. Lukta av våt jord om natta er ein roman om ein familie som gjer sitt beste for å nærme seg kvarandre igjen, og finne ein måte å snakke saman om det verste som kunne skje.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788252190601
EAN 9788252190601
Språk Nynorsk
Sider 121
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Fin debutbok. Stillferdig om sorg etter ei mor som er død. Godt språk
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketStilla ligg mellom oss, alle orda fell til botnen av meg.
Vi trur vi har meir tid, at vi kan snakke meir om det vanskelege ein annan gong, at vi kan rette opp i det som har blitt sagt, eller ikkje sagt, men det er ikkje slik, det er for seint, for alltid for seint.
Dei lange, ubrukte timane, dagane utan innhald, kunne fyllast med herlege ting som bøker og fotografering, god drikke og utstrekte måltid. Hygge som fylte ein med glede og takksemd. Det var sånn eg såg for meg jula før, gledde meg til, lengta etter. Men no er dei endelause timane umoglege å bere.
Dei lange, ubrukte timane, dagane utan innhald, kunne fyllast med herlege ting som bøker og fotografering, god drikke og utstrekte måltid. Hygge som fylte ein med glede og takksemd. Det var sånn eg såg for meg jula før, gledde meg til, lengta etter. Men no er dei endelause timane umogelege å bere.