2014
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Handlinga i denne romanen er lagt til ein namnlaus by, befolka av kvinner og forbode for menn. Jakoba veks opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta. No som han er i ferd med å bli ein ung mann, blir hemmelegheita vanskelegare å halde skjult. Og når tanta brått dør, trer Jakoba ut av det trygge tilveret: Han er i livsfare i sin eigen by. Samstundes trugar og lokkar brøla frå mannfolka i skogen utafor. Han forelskar seg i den vakre tenestejenta Tikva, og står framfor eit avgjerande val. Den vakre songstemma hans kan redde han, men om han blir songar, vil han då miste Tikva for alltid?
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788252182729
EAN 9788252182729
Genre Fantastisk litteratur
Språk Nynorsk
Sider 190
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Vakkert om Jakoba som vokser opp i et samfunn forbudt for menn, som gutt . Nydelig språk av Jan Roar Leikvoll som vanlig. Her er mitt blogginnlegg
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg gjorde som ho sa, song det eg alt hadde sunge, nærma meg staden der stemma skar seg, kom dit, og stemma var som den skulle, Malinovskaja veivde takten, og eg lukka auga og sokk ned i songen, sokk og steig alt etter kvar den dreiv meg, blomstrar veks frå ei anna verd og inn i vår, elva slår små bølger mot promenaden, ungdomar tar av seg kleda og slenger seg i vatnet om juni, juli, august er varm; nakne svømmer vi utan å tenke at også dei gamle var eit heilt liv, også dei svømde denne elva, og andre kroppar som for oss bare er steinar på gravlunden, fekk også kle av andre og ligge inntil og slikke mellom beina, men kven hugsa dei som ikkje lenger svømmer; kven hugsa tante, og kven vil hugse meg; eg står skjult inne i pumpehuset, og langt ute i bølgene kjem ein svart båt rodd av ein svartkledd mann, båten går opp og ned, men han ror jamt og er ikkje redd elva, det er ein øydeleggar som kjem, eg knip hendene saman, men kjenner ikkje lenger hendene mine, båten ror mot land, og brått brenn brystkassen min, og ei lysande venge fyller pumpehuset, ei lysande venge for alt som finst og har funnest, og alt som har prøvd å finnast.