Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Denne boka er ein guide til den litterære og litteraturkritiske sanse- og tenkjemåten. Kva er litteratur og kritikk? Kva er kvalitet, og korleis oppdagar du kvalitet? Har kritikaren andre oppgåver enn å oppdage og beskrive kvalitet? Kritikarboka er ei praktisk bok. Atle Christiansen legg vekt på å gi klare råd om korleis du går fram for å vurdere kvalitet og skrive litteraturkritikk. Mindre erfarne lesarar kan lese boka som ei innføringsbok i litteratur og kritikk, mens erfarne lesarar kan lese henne som ei oppdatering og påminning om kva som står på spel i litteraturen og kritikken. Boka er full av gode skriveråd for den som vil noko med skrivinga si. Atle Christiansen (f. 1964) er kritikar, forfattar og kommunikasjonsrådgivar. Han har tidlegare gitt ut Et digert kapittel (1994) og Historier om Kruse Smith (2009). Han blei kåra til Årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag i 1994. «Det er sympatisk å lese en slik framstilling av anmelderiet, som ikke pretenderer å gjøre sjangeren til mer enn den er, eller gir den oppgaver som er umulige å innfri, men som samtidig stiller klare krav til skriftlig presisjon og viser hvordan dette kan læres.» - Tonje Vold, PROSA
Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788245007763
EAN 9788245007763
Serie LNUs skriftserie (183)
Språk Nynorsk
Sider 191
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I den andre delen deler forfatteren sine råd med leserne. Først og fremst råder han oss om å vurdere og dømme litteraturen, fordi kritikk skal skille mellom godt og dårlig. Han mener at vi skal overlate dypere analyser og sammenligning til akademikere. Det høres helt greit ut, hvis man skriver for en avis og skal alltid være den første ute. Men hva med oss som gjerne skriver bokmeldinger en stund etter at boken har kommet ut?
[...]
Selv om jeg har en del innvendinger mot denne boken, må jeg si at Atle Christiansens råd kommer til nytte. Hvis en bokanmelder ønsker å lære mer om kritikk og kvalitet, er denne boken et greit sted å begynne, for så å eventuelt fortsette med bøker på dens litteraturlisten.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketFolk i universitetsverda kan trekkje seg tilbake og tenkje seg om, lese enda ei bok, og lese gjennom konklusjonane i nye avhandlingar fleire gonger. Slike luksusvilkår er framand for kritikaren. Ei ny bok utfordrar bokmeldaren, han må gjere sitt beste så å seie i augneblinken. Slik blir den nye boka og formuleringa av bokmeldinga ei prøve på bokmeldarens kompetanse der og da. Meldinga avslører samtidig inkompetansen hans. Ein kan ikkje dømme andre utan at ein sjølv blir dømd.
Eg tar med eit Hauge dikt for å vise kor banal-basalt en god poet kan skrive når han ikkje gjer seg til, men let jåleri vere jåleri, og heller går rett inn i eldgamle klisjear som hjartekunnskap som han gjorde til en krystallklar bodskap om rett levevis.
År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.
Diktaren taler ikkje om visdom, men om kunnskap og lærdom. Visdommen trer ikkje i kraft før han har vore innom hjartet. Det er så banalt at det ikkje er til å tru, men snur ein seg bort frå slike klartalte sanningar om hjartet, vender ein seg samtidig mot noko anna. Trollet er blitt troll fordi det har mista hjartet sitt.
Og viss ein ønskjer definisjonsmakt og har lyst til å setje standarden for diskusjonen om ei ny bok, er det ein god ting å vere først. Da kan du presentere dei orda og dei perspektiva du meiner boka skal vurderast etter, du kan ramme inn debatten og bestemme ka han skal handle om. Har du først sagt at lesaren ikkje skal tenkje på ein elefant, er det ingen som tenkjer på anna enn elefant etterpå (George Lakoff 2004). Er du førstemann som kjem med sterke og klare råd for korleis ein skal vurdere ei bok, er det dine tankar og meiningar dei andre tenkjer etter. Kjem du en eller to dagar etter dei andre. blir du lett ein etterplaprar.