Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Og viss ein ønskjer definisjonsmakt og har lyst til å setje standarden for diskusjonen om ei ny bok, er det ein god ting å vere først. Da kan du presentere dei orda og dei perspektiva du meiner boka skal vurderast etter, du kan ramme inn debatten og bestemme ka han skal handle om. Har du først sagt at lesaren ikkje skal tenkje på ein elefant, er det ingen som tenkjer på anna enn elefant etterpå (George Lakoff 2004). Er du førstemann som kjem med sterke og klare råd for korleis ein skal vurdere ei bok, er det dine tankar og meiningar dei andre tenkjer etter. Kjem du en eller to dagar etter dei andre. blir du lett ein etterplaprar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tar med eit Hauge dikt for å vise kor banal-basalt en god poet kan skrive når han ikkje gjer seg til, men let jåleri vere jåleri, og heller går rett inn i eldgamle klisjear som hjartekunnskap som han gjorde til en krystallklar bodskap om rett levevis.

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.

Diktaren taler ikkje om visdom, men om kunnskap og lærdom. Visdommen trer ikkje i kraft før han har vore innom hjartet. Det er så banalt at det ikkje er til å tru, men snur ein seg bort frå slike klartalte sanningar om hjartet, vender ein seg samtidig mot noko anna. Trollet er blitt troll fordi det har mista hjartet sitt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Folk i universitetsverda kan trekkje seg tilbake og tenkje seg om, lese enda ei bok, og lese gjennom konklusjonane i nye avhandlingar fleire gonger. Slike luksusvilkår er framand for kritikaren. Ei ny bok utfordrar bokmeldaren, han må gjere sitt beste så å seie i augneblinken. Slik blir den nye boka og formuleringa av bokmeldinga ei prøve på bokmeldarens kompetanse der og da. Meldinga avslører samtidig inkompetansen hans. Ein kan ikkje dømme andre utan at ein sjølv blir dømd.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  Skage