Spirande frø

av (forfatter).

Atheneum forl. 1977 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Kirsten Lunds eksemplar av Spirande frø

Lesetilstand

Leser denne nå

Hylle

Poesi (favoritter)

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Bokdetaljer

Forlag Atheneum forl.

Utgivelsesår 1977

Format Heftet

ISBN13 9788250303515

EAN 9788250303515

Språk Nynorsk

Sider 56

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Songen i tonen

Takk for tonen
Du er i den
kor eg er, er Du
Alt i Det
er meg

Songen er
ditt hjarta
Ord er dine

Ord blir mine
englar skriv
haråut utan strenger
syng

Tonan fløymer
kjelda gøymer
son
i ævetider

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eit siste farvel

Høyrer
døri vert åpna
og attleten

For siste gong
utan ord
dette uforklårlege

Kven tyder
skrifti på veggen

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Spirande frø

Var eg eit spirande frø
elska eg jordi
lyfte meg
i takk til den

Tak meg kje bort de fuglar,
la auga dimmast
me talar fred
om verket i Hans hender

Væt jordi med regn
la småborni bløma fram
tett inntil meg
om ei liti tid
skal me sveipe oss i solkorn

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kan eg

Sjå visdom
i gamle stigar

Gjeva song
i ljodars tempel

Plukke blomar
til Altarbord

Turke tårur
i mors hjarte

Legge olje
i henders kjærleik

Då har eg auga
i å finne att

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bu i Blokk

Moterektig - bu i blokk
der ingen kjenner ingen
veta om andres veikskap
utan å veta
tegja høylydt

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein lukkeleg dag

Kvar ny
der soli tek gullkåpa på
i fleire landskap

Kulde, varme
smeltar saman
i ei vårkjensle

Halde ei hand
den sjeli attrår
veta, ein elskar meg

Min skapnad
i hug og hold
lyfter meg i kvardagsstrev
eg prøver min styrke
i å gi

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Så korn

Ei spire millom klunger
milde vindars kjærteikn

Så ditt kor
i morgen
utan å veta
kor vinden fer
i solauga

Dagen er ikkje din
heller ikkje kvelden
ingen ting veit du
bare at du lever nå
så - så
sil kornet millom fingrane
kjenn, det lever

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ny dag

Lukka?
ny dag,
sjå blomane i glaskarmen
helse meg
dei står struttande fulle
dreg te seg næring
te prydnaden sin
Tre begoniar
ulike slag
mørk, lysare, lysast
ulike hender har planta dei
te prydnad for meg
men ei hånd
var der heile tida

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Verdi er rar

Produktiv - nytte
sjellsord
Ansvar fe mine
spør dei hine
Verdi er rar
Far før ti born
ti born kan kje fø ein far
Måtte tanken før han vender
binde seg i mjuke hender

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Assosiasjon

Angst
bitt hjernesellene
det vonde bitt syndene
mørket løyner redsla

I herja andlet
glør sjeli,
åndi frå Langfredagen
frigjer
livstidfanger

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket