Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 19 sitater

Kunstnarvenen

Kunstnarvenen
hans nærleik gjorde meg stum
ein voll
ei kyrkje
Moxart Dan Giovanni
fylte kvelven
helsa høgrenessansen Ráfael

Nyfødd barn frå levande mørke
ei ånd med gudeaugo
i byljer
ikkje å stana
fortrylla hjarta mitt
det var som eit dikt
av Obstfeller, "Ene"

Gudrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Føre var

Trega ikkje
du stillte deg i brodden idag
endå du visste,
imorgo vi brodden stikke meg
her nyttar det kje om blodet ligg
på dørstokken
den du er redd, gjeng over

Tenn lys i stakane
fyll olje i lampune
Vår - Herres Kjerubar
vil breie vengene sine utover
deg og dine
Du hadde tenande motiver
djevelen trudde han hadde gode tider

Ingen takk
døden takkar aller
Himmelen takkar
Lyft andletet

Gudrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fuglane æ ansless

Fuglar flyg ivi mitt hovud
underlege svingingar
vengjine er kje slik dei plaga vera

Kvva er ansless
er det dei hell eg,
når eg såg dei før
kjende eg dei att

Ingenting er som før
ikkje eingong tunet her

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å eiga

Varmen eig den
som er født i ein samanheng
som kjenner pulsslagi varsle
om lånte dagar

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den gode håndi

Ei hånd har strøkje dei småe kinn
i morgonglima,
turka tårur
og glatta ut

Slik skapt var ho
til dette hera - å salve vera

Å, slutt kje tenesta her på jord,
fleire ventar hell veslebror

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så korn

Ei spire millom klunger
milde vindars kjærteikn

Så ditt kor
i morgen
utan å veta
kor vinden fer
i solauga

Dagen er ikkje din
heller ikkje kvelden
ingen ting veit du
bare at du lever nå
så - så
sil kornet millom fingrane
kjenn, det lever

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Spirande frø

Var eg eit spirande frø
elska eg jordi
lyfte meg
i takk til den

Tak meg kje bort de fuglar,
la auga dimmast
me talar fred
om verket i Hans hender

Væt jordi med regn
la småborni bløma fram
tett inntil meg
om ei liti tid
skal me sveipe oss i solkorn

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ein lukkeleg dag

Kvar ny
der soli tek gullkåpa på
i fleire landskap

Kulde, varme
smeltar saman
i ei vårkjensle

Halde ei hand
den sjeli attrår
veta, ein elskar meg

Min skapnad
i hug og hold
lyfter meg i kvardagsstrev
eg prøver min styrke
i å gi

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Gamal dame

Soli helsar
arvesmykke
i håret

Smilerynker
blandar seg
med sorgi si

I lyse augo
tjønnebotnar
heimlege lende

Eit lys i stolen
vidjemjuk i hugen
med kloke lippur
talar verdas vakraste hender

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Assosiasjon

Angst
bitt hjernesellene
det vonde bitt syndene
mørket løyner redsla

I herja andlet
glør sjeli,
åndi frå Langfredagen
frigjer
livstidfanger

Gundrun Brauti Knutslid

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Rune U. FurbergLilleviHarald KIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLaila