Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Vi følgjer utviklinga i liv og dikt frå Halldis Moren og Tarjei Vesaas møtest og skapar heimen sin på Midtbø i Vinje. Boka er bygd opp over livsløpet til dei to diktarane, og vi får eit innblikk i skriving og samliv, og i synet deira på verdssituasjonen, naturen, livet og døden. Dikta er stilte opp saman med prosastykke der forfattarane fortel om situasjonen rundt sitt eiga dikt, eller kommentarar det den andre har utført. Med bibliografi.
Omtale fra forlaget
Maken til denne diktantologien har vi ikkje sett før. Her følgjer vi utviklinga i liv og dikt frå Halldis Moren og Tarjei Vesaas møtest og skaper heimen sin på Midtbø i Vinje.
Boka er bygd opp over livsløpet dei to diktarane har saman, og vi får eit klårt innblikk i deira verdsbilete, i synet på røyndommen, kunsten og mennesket. Dikta er stilte opp saman med prosastykke der forfattarane kommenterer sitt eige arbeid eller det den andre har utført. Sonen Olav bind det heile i hop med opplysande kommentarar. Alt i alt får dikta kaste lys over kvarandre og stå fram på ein ny måte.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788203187292
EAN 9788203187292
Omtalt person Halldis Moren Vesaas Tarjei Vesaas
Språk Nynorsk
Sider 205
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet nyttar lite, i dikt, å gi seg ut for noko anna enn det ein er.
Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det : vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg. Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg !
Hender finn hender, herd stør herd, barm slår varmt imot barm. Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm !
Halldis Moren Vesaas
Mange ville gjerne tru at diktarlivet på Midtbø alltid var eit sutalaust og romantisk samliv. Ein gong Tarjei var på ein folkehøgskule, kom ei jente bort til han etter timen for å vise fram ei oppgåve ho hadde skrive om diktaren. Eleven hadde avrunda det heile med: "Han lever eit svært lykkeleg liv saman med Halldis Moren Vesaas." Kommentaren hans var som vanleg stutt og klar: "Det visste eg ikkje."