Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Forlag Kagge
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788248936534
EAN 9788248936534
Genre Humor
Språk Nynorsk
Sider 303
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette må være den morsomste reiseskildringen jeg har lest noen gang! I denne boken skal Are Kalvø og hans bedre halvdel, i boken kalt kontaktsøkeren, finne ut en gang for alle hva som er best,av by og land.
Siden de ikke leker by og land er det gjort en grundig research underveis hvor de tilbrakte èn måned på Utsira, en liten øy utenfor Haugesund, og èn måned i London.
Den morsomste delen er nok den fra Utsira men det er Kalvø liksom og han er morsom uansett om han befinner seg på Utsira eller i London.
Tre hundre sider med morsomheter, som at de på Utsira omtrent har en skole pr elev, eller at du etter mindre enn et døgn på øyen allerede har vært inne på tema som sex og innavl.
Jeg lo hele veien til skrivepulten😂😂😂
BOKEN ANBEFALES PÅ DET ALLER VARMESTE!
Hele omtalen kan leses her.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketNår vi er heime, fleire timar før kvissprogrammet begynner, oppsummerer Kontaktsøkaren med at no har vi sett alle attraksjonane på øya. Ho seier ikkje «Og vi har framleis tre og ei halv veke igjen», men eg høyrer at det ligg der.
Vi har begge ofte snakka om kor gjerne vi skulle hatt meir tid til å berre sitte i ein sofa og lese ei bok.
No har vi ganske mykje tid til det.
Og det viser seg at det å berre sitte i ein sofa og lese ei bok faktisk kan vere ganske kjedelig.
Du tek det du har. Og viss du ikkje har så mykje, må du finne på noko. Og viss det du har, er at plassen din liknar på ein annan plass, så bruker du det. Det er for eksempel i skrivande stund minst åtte forskjellige plassar i Norge som kallar seg Norges Venezia. Og eg er ganske sikker på at det også finst eit Belgias Venezia, eit Tsjekkias Venezia. For slike lokale profileringsframstøt er sjølvsagt ikkje noko unikt norsk.
På Isle of Anglesey nordvest i Wales ligg Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch. Tidligare var landsbyen kjent under det enkle og greie namnet Pwllgwyngyll. Det blir påstått at namnet blei forlenga på 1860-talet som eit PR-stunt, for at landsbyen skulle tiltrekke seg merksemd og turistar ved å ha det lengste stasjonsnamnet på ein togstasjon i Storbritannia. Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch har framleis det lengste stadnamnet i Storbritannia, og eitt av dei lengste i verden, og tek no imot noko slikt som to hundre tusen turistar i året.
Vi har tatt på oss kvar vår sirabunad og er klare for båttur med naboen. Vi har fått kvar vår termos med kaffi. På dette tidspunktet trur eg vi har anslagsvis førti prosent filterkaffi i blodet. I vinduet sitt Kalle, Baby, Sludd og dei andre kattane og ser på oss.
Eg prøver å kjenne på fridommen på båtturen. Eg er usikker på kor fri eg kjenner meg. Først og fremst sitt eg her og tenker at vår båt er så liten og havet så stort, og då har du det gåande. Og så tenker eg at å drikke filterkaffi frå termos i båt i bevegelse kanskje er bygdas svar på å drikke cortado ruslande i byen.
Vi ser sel.
Vi ser faen meg sel. Ein heil koloni av dei som ligg og veltar seg i vatnet og sløvar på steinane. Og der! blei eg interessert i dyrelivet på Utsira. Eg liker sel, innser eg plutselig. Kontaktsøkaren også. Vi tek bilde og filmar og peiker og ler som barn.
Store byar, til og med store byar du aldri har vore i før, kan vere fulle av minne. Fordi der ligg den kafeen som var med i den scena i den filmen, og der er namnet på den gata der den hendinga skjedde, du hugsar kvar du var då du såg det på tv. Ein tur i London, langs og rett ved Themsen, sett i gang langt fleire minne frå livet mitt enn turar i gater der eg faktisk har levd dette livet.