Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
"Lorden" er ein oppslukande og urovekkjande roman, mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med "Tollak til Ingeborg" og "Du er så lys" dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn. Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige. Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne? Tore Renberg er ein meister i å ta oss med over terskelen og inn i det krakelerande menneskesinnet. I "Lorden" kombinerer han litterær dristigheit og språkleg fingerspisskjensle med stor omsorg for det menneskelege. Eit djuptpløyande og intenst mannsportrett, skrive med ei særeigen psykologisk innsikt.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788249528806
EAN 9788249528806
Genre Spenning
Språk Nynorsk
Sider 295
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketAase Astri sel sjølvsagt desse koppane i butikken. På den mest populære står det «lkkje ta det så hytt». Her kan ein merke seg at «hytt er nytta direkte feil. «Hytt» tyder eigentleg «tilfeldig», som i «hytt og vêr», mens her, lokalt, tyder det «alvorleg».
Slik fungerer språk, og så kan ein jo meine litt ulikt om det.
Eg står, akkurat her, midt imellom dei stridande.
For språk må jo leve og bevege seg.
Ver observante når de nyttar dei sterkaste verkemidla i språket. Det sa eg alltid til elevane mine. Nyttar de dei for mykje, då mister dei krafta si. Men, la eg til, ver heller ikkje så tørre at de aldri nyttar dei.
Språk, det sa eg ofte, skal leve!
Som livet!
Og då smelte eg til med både eitt og to utropsteikn (biletleg tala; eg stod ikkje der og skreiv dette på tavla. Men kanskje eg skulle ha gjort det? I dag er tavla borte frå skulen. Tragisk).