Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Blir verkelegheita for verkeleg for deg
så ta handa mi
Eg skal vere fjellet
som byr opp til dans
"Alt godt som enno ventar" er ein boksingel med fire dikt av Jeaninne Masika Harrysson.
Desse dikta utforskar mellomrom. Dei som oppstår mellom orda i ein setning. I romma mellom eit dikt og ei diktsamling. Mellomromma i livet. Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar.
Dikta er gjendikta til nynorsk i samarbeid med Tove Bakke.
Jeaninne Masika Harrysson (f. 1995) er poet, forteljar og pedagog. Ho høyrer heime i fleire språk og opptrer med eigenkomponerte poesistykke både i Noreg og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og ikkje minst norsk, både bokmål og nynorsk,
jamvel norsk teiknspråk.
Masika Harrysson byrja i TekstLab Unge Stemmer i 2014 og utvikla seg vidare som scenekunstnar i TekstLab Inkubator med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen. I 2021 er ho engasjert ved Jakob Sande - senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skolesekken i Oslo, med framsyninga «Vi er alle på veg heim», saman med musikar Shwan Wahed.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Heftet
ISBN13 9788234007248
EAN 9788234007248
Språk Nynorsk
Sider 32
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket