Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Også den stumme - og kanskje nettopp han - kan vera uttrykksfull. Det er ein av påstandane Lars Amund Vaage skriv fram i desse dikta. Mange av dikta handlar om arbeid. Arbeid kan veraskaping, språk, innviing. Men i det store kretsløpet mellom fødsel og død kan arbeidet også vera tap av meining. Sentralt står kjærleiken som gir kraft til å skapa.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788249508884
EAN 9788249508884
Språk Nynorsk
Sider 74
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDen stumme er den klokaste
Forstår du det ikkje?
Han sa ikkje det første ordet
Innhaldet fekk sova lenge
I hjarta har den stumme
mange lydar han kunne ha ropt
Når den stumme talar i forsamlingar
vender han seg bort
Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Heile dagen har han vore ute på havet i vinden og bølgjene
Etterpå sløgde han fisken og la han på vekta
Så fortøydde han båten og rodde til land
Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Stundom ligg huset hans stille i mørkret
Kona hans har gått til ro og lysa er sløkte
og ingen møter fiskaren i gangen
Ingen tar kleda hans når han vrengjer dei av seg
Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Stundom er det lys på kjøkenet
Når kona hans høyrer steg, opnar ho for han
Ho tar imot fisken han har med heim til middag
Ho løftar hendene hans mot lyset og seier:
Å, kunne du berre greia å finna fred her hos meg