Vårar seinare

dikt

av (forfatter).

Oktober 2014 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.60 (5 terningkast.)

26 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Caroline Ekornes Johannessens eksemplar av Vårar seinare - dikt

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Poesi

Lesedato

2018

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Om våren rullar dei ned rutene og køyrer fort på nakne, svingete vegar. Om våren støyter bilar saman og fører ny død til dalen. På lageret manglar han som køyrer trucken, i blomsterbutikken finst ikkje lenger ho som tek bestillingane og frå klasserommet er enda ein blitt borte. Men våren er også ei oppvakning: Lyset veltar inn, elva fløymer over og det grøne spirer over alt. Sorga lever i husa og i kroppane, og i den tunge, svarte jorda vil ikkje dei døde liggje stille.

"Vårar seinare" er ein song om ei bygd.

Bokdetaljer

Forlag Oktober

Utgivelsesår 2014

Format Heftet

ISBN13 9788249513550

EAN 9788249513550

Språk Nynorsk

Sider 67

Utgave 1

Tildelt litteraturpris Melsomprisen 2015

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 3 2 0 0 0

Bokomtaler

dette er ikkje mi historie
dette er alle si historie
dette er mytologi og morsmjølk
den djupe jorda vi dyppar hendene i
dei simplaste songane
dei hardaste historiene
dekkjer heile bygda

Diktet over, som ein finn litt over halvvegs i diktsamlingi Vårar seinare er nok eit av dei mest diktliknande dikti til Kleiva i denne samlingi. Her er det alliterasjon og gjentakingar og ein klår rytme og eit lyrisk innhald. Slik er det ikkje med alle dikti i denne samlingi, men so skal dei heller ikkje fungera som lausrivne dikt heller, i allefall ikkje i hovudsak. Vårar seinare er eit narrativ, i fylgje forfattaren, brote av “minnebok”-stykka, som har eit klårare eg og du enn dei kollektive dikti elles.

Narrativet er henta frå forfattarens eige liv, då ho som ung opplevde dramatiske dødsfall om våren. Dei var knytt til livet langs vegen, langs toglinja og langs elva, men òg resultat av bratte dalsider. Dei var ikkje nær forfattaren, men i eit bygdesamfunn vert alle påverka, sjølv år seinare, vårar seinare.

Eg er ikkje vant til å lesa dikt på denne måten, eg les helst gamle klassikarar samla i store bøker, eller gamle klassikarar i antologiar. Moderne lyrikk har aldri vore mi sterke side, og lyrikk-bøker med so klare linjer, so klar tematikk, er eg sjeldan borti. Men etter å ha høyrt forfattaren lesa utdrag, måtte eg kjøpa boki, og las ho i hagen medan det vårast rundt meg. Når ein er oppvaksen på ein liten stad, der dødsfall til ungdom, om det er vår eller haust, kjennest i heile det vesle samfunnet, kjenner ein att tankane og kjenslene forfattaren gjer seg, og som ho legg i hendene til heile bygdi. I tillegg er det både ei lågmælt og dramatisk diktsamling, som er fort gjort å lesa, men som vert med ein i minnet lenge.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

til slutt vart eg eldre enn han
han kan aldri
skifte meining igjen
skifte uttrykk, side
som plastfolie over
livet hans ligg dødsfallet
vi kan sjå alle delane
alt han har gjort
og sagt, alt han har vore

medan kroppen fell
djupare og djupare inn i jorda
skal vi hugse han som
han som døydde ung
leite han fram
i andre unge
kinnbeina augene
frykte deira død
dei er så mange

Godt sagt! (5) Varsle Svar

for tidleg begynner folk
å mangle, slik er det her
ein morgon manglar éin
på lageret, ingen køyrer trucken
ingen tek imot vareleveringa

uti mars manglar
ho som tok telefonen
når vi ringde og bestilte blomar
med skånsame helsingar:
vi tenkjer på deg i sorga
kondolerer

og fleire morgonar manglar folk
i klasseromma, ansikt svartnar
og forsvinn ut på gangen
og kjem ikkje attende
og rektor bankar på
med nærvær som eit tjern
dryp orda utover:
denne mangelen
må de bere

små skuldrer
små skjelett
bratte stup i bringa

Godt sagt! (4) Varsle Svar

at vi vaknar ei natt og høyrer smellet
kjenner det dure gjennom tennene, ruse ut augene
varmen står i halsen, hovudet
kvernar seg klart

vi står opp og går
gjennom huset
vi ligg og lyser augene mot taket
går gjennom alle gode grunnar
til at det ikkje var vårt smell
til at det ikkje var nokon av våre

og morgonen trekkjer seg tung opp
over horisonten
vil ikkje lyssetje dette
vil ikkje lyse over
fleire lausrivne kroppar
vil ikkje ringje vekkarklokkene
vil ikkje løfte menneska
vil ikkje gi dei brødskiver
som var det ein vanleg dag

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Men hvordan skal jeg gråte når det blomstrer så voldsomt langs veiene?" av Stina Vogt
  • "Bruken av gjedde - generell informasjon" av Markus Lantto
  • "Trilce" av César Vallejo
  • "Blikket - noveller" av Oskar Stein Bjørlykke
  • "Sjasminmannen" av Unica Zürn
  • "I sivil" av Amalie Smith
  • "Slekter" av Erlend O. Nødtvedt
  • "Hvit hare, grå hare, svart - dikt" av Øyvind Rimbereid
  • "Dette er også vatn - roman" av Inger Bråtveit
  • "Kvar ein fugl - dikt" av Hilde Myklebust
  • "Gull i grusen - dikt" av Rebecca Kjelland
  • "Kjøkkendikt" av Kjartan Hatløy
Alle bokanbefalinger for dette verket