Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Tora Seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur. Det handlar om å kjenne seg att og finne trøyst i naturen, meir enn mellom menneska, om å ha odel på ei jord som ikkje kan dyrkast. Ei bok om sorg som ikkje blir tala om, om å vekse og om å bli til.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788252184648
EAN 9788252184648
Språk Nynorsk
Sider 53
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
En ny forfatter for meg. Likte stilen. Ga meg på hver side et innspill til selv å fylle ut med egne tanker resten av siden. Følte jeg var med hele tiden. Bra
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketalt eg skal skrive ned som eg aldri lærte. bestemor kjemmer ut ein floke i håret mitt. kler meg i sommarkjole. no må du gå, seier ho, du er ikkje ei plante. planter som toler skugge har sjeldan vakre blomar. eg kvesser eit kronblad. skogstjerna kjem frå fredlausfamilien
vi går i rekkje innover skogen. stien blir til. det er eg som ber sekken no. eg går inn mellom røtene. det finst alltid eit punkt der sola ikkje når inn. der alt som ikkje blir sagt er sant. ei glenne opnar seg. vi gjer noko med hendene heile tida, men kjærleik er ikkje ordet for alt