Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Noreg har utsett samane for utreinsking, så Raisa tek med dottera Násti til Finnmark. Der blir dei del av ein samisk fellesskap, som bygger ein samisk stat. Men snart blir den nye staten angripen av nabolanda, og Raisa må kjempa for å verna det nye landet sitt og dottera. Tharaniga L. Rajahs debutroman er lagd til ei alternativ norsk verkelegheit, etter at Noreg har utsett samar for utreinsking. Det er ei original forteljing om terror, identitet og samhald.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788252194852
EAN 9788252194852
Språk Nynorsk
Sider 301
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Debutant som er nominert til P2-lytternes romanpris i 2019. Ei svært spesiell bok om Raisa som reiser til Finnmark for å vera med på oppbygginga av den nye staten Davinasti med dottera Nasti etter å ha sitte i nordmennenes fangeleir på Falstad i N-Trøndelag. Det er krigstilstand mellom nordmenn og samar, og stormaktene er også blanda inn: Boka er skriven på nynorsk iblanda ein god del nordsamisk ( ordliste bak!), noko som gjer at lesaren må jobbe ganske mykje for å koma inn i handlinga.
Boka kan nok også lesast som ein allegori over mange slags krigar, nærliggande er å tenke på borgarkrigen mellom tamilar og srilankesarar, Palestina/Israel, tidlegare Jugoslavia.
Da eg kom inn i boka, vart ho lesverdig, men på den negative sida må noterast at karakteren Raisa blir for lite levande for oss.
Trur ikkje dette er vinnaren i år, men eg spår at Rajah kjem sterkare tilbake, her er lovande taktar ndg språk og idear,
For meg var det gjevande å bli lit kjent med samisk kultur og språk, og eg vil gjerne lære meir
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket