Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 404 bokomtaler

Karel Čapek var rimeleg visjonær som forfattar, og er mest kjend for science fiction-aspekta i nokre av bøkene og skodespela han skreiv. Men ser ein på lista over verka hans, finn ein at han hadde ein ganske mangfoldig forfattarskap. Reiseskildringar, til dømes, og ei bok om hagestell. Han skreiv også nokre bøker som, i alle fall til dels, er meir retta mot eit yngre publikum, slik som denne.

Som tittelen meir enn antyder, fortel forfattaren om husdyra sine. Og det er slett ikkje berre ein hund og ein katt ein får høyre om, men om eit større utval av hundar og kattar som er eller har vært i husstanden hans. Tonen er lett og humoristisk, og burde kunne fenge som underhaldning for barn. Men delar av tekstane har også eit litt djupare lag, med refleksjonar om og kommentarar til eit og hint som born kanskje ikkje er så veldig opptatt av. Der var mellom anna ganske tydelege kommentarar til rasehygiene og framveksten av overmennesket, eit tema som var hyperaktuelt i og med rådande ideologi i nabolandet på den tida boka blei ført i pennen.

Forlaget skriv i omtalen sin at boka har klassikar-status i Tsjekkia. Derfor hadde eg kanskje venta bittelitt meir av boka. Men som katte- og hunde-eigar så er det på ingen måte vanskeleg å kjenne seg att i forfattaren sine opplevingar og betraktningar. Mykje av boka handlar faktisk mest om hundar, kattar kjem sterkare mot slutten. Og kvalpe- og kattunge-kull er eit tema som gjeng att i fleire av kapitla. Vidare merkar ein seg at haldninga til dyrevelferd truleg har endra seg litt sidan Čapek skreiv boka, framgangsmåten han skildrar for å kvitte seg med kvalpar på ville nok bli bøtelagd i dag. Men trass dette var det ei triveleg bok, og som sjølv om den først og fremst har barn som målgruppe vil kunne glede vaksne som er glad i hund, katt, eller helst begge deler.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka handlar ganske mykje om kjærleik, ikkje så mykje om kolera. Kjærleikshistoria er først og fremst Florentino Ariza sin livslange besettelse av Fermina Daza, som i sin tur ekta den høgt akta legen Juvenal Urbino. Boka startar med at doktor Urbino døyr i godt mogen alder, så tek forfattaren lesaren med til ungdomsåra til Florentino og Fermina, der dei blei løynleg forelska i einannan. Historia vandrar så i små «tiddssløyfer» framover og forbi tidspunktet for Urbino sitt dødsfall, og så får ein sjå, då, om den gamle kjærleiken kan bli som ny.

Historia er lagt til ein ikkje namngjeven by langs den karibiske kysten av Colombia, men sidan Magdalena-elva renn ut i byen er det naturleg å tenke seg at det må dreie seg om Barranquilla. Eller kanskje Márques har dikta om Barranquilla til ein annan by? Uansett, ein får eit strålande portrett av livet i ein Colombiansk kystby frå slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet.

Márques er kjend for å nytte magisk realisme i bøkene sine, men eg hadde vondt for å finne noko større av dette i denne boka. Så må eg nemne at det var noko med språket som ikkje stemte for meg i denne boka. Om det er forfattaren eller oversetjaren sin stil som ikkje stemmer er vanskeleg å seie, men setningar og ordval vart ofte krøkkete i mine auge. Dette gjorde nok utslag i eit minus på terningkastet.

Eg las denne boka saman med kjell k sin lesesirkel. Som alltid så var det dobbelt så moro å lese saman med andre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Av og til blir det for mykje av det gode, men i dette tilfellet blei det for mykje av det vonde. For i denne skildringa av ein ung gut sine levekår i eit samfunn av utstøytte er det ikkje spart på noko; familievald, nekrofili, kannibalisme, incest, eg kan ikkje kome på noko som forfattaren kunne ha lagt til for å gjere historia fælare. Men der et også rom for kjærleik i boka, ikkje som i romanse, men som i livslyst. Og dette synest å vere den viktigaste bodskapan i boka, at livet trenger seg fram uansett kor dårlege levekåra er.

Settinga er ein skrothaug langt ute i eit ørkenliknande landskap. Her bur det ei gruppe menneske i stor fattigdom. Det er kamp om ressursane, mange er sjuke, og det er viktig å høyre til ein sterk flokk for å overleve. Samfunnet er nærmast dyrisk, oppførselen som blir skildra minnar meg om hundar og apar. Dette blir understreka av at alle gjeng utan klær, og av at det ikkje blir nytta namn i boka.

Gruppa som lever på skrothaugen har ikkje kontakt med omverda, men dei har ei forestilling om at det finnest noko utanfor. Bestefaren til guten ber også med seg minne om ei anna tid, men det er sparsamt med opplysningar om kva som gjorde at denne andre tida tok slutt. Men det kjem fram at gruppa har ei historie med mange tusen års forfølging. Her får ein assosiasjonar til jødane sin historie, og til tilstandane i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen.

Seier denne boka noko om mennesket sin natur? Eg vil så gjerne at den ikkje gjer det, men det spørs om vi ber med oss tilstrekkeleg omsynsløyse til at vi etter eit par generasjonar med naud kunne falle ned på det nivået som er skildra i boka. Det beste er jo om ein slepp å finne det ut.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Boka fortel om Mino, ein fattig gut frå ein landsby i jungelen i Sør-Amerika, som opplever at landsbyen hans blir utsletta av den griske pengemakta og som etter kvart gjeng til krig mot den same pengemakta. Så kva er eigentleg Mino? Han er røysta til dei fattige og undertrykte, han er ein askeladd, han er helten som kjempar mot alle odds, han er ein forkjempar for miljø og biologisk mangfald, og han er ein vakker og intelligent sjarmør. Men han er også ein kaldblodig drapsmann, ein svikefull livsnytar, utspekulert manipulator og har tendensar mot rasisme og folkemord.

Sjølve historia er noko over middels bra, det er alltid moro med ein hovudperson som opplever urettferd og fare og som greier seg trass alle odds, og som attpåtil får hevn over dei som har gjort urett mot han. Men så er det alt det andre. Nygårdshaug, som gjeng for å vere både ein bereist og belest fyr, greier berre unntaksvis å fange meg med miljøskildringane i boka. Det skal meir til enn plantenavn og portugisiske/spanske ord i kursiv for at eg skal få kjensla av å bli dratt inn i boka.

Vidare er helte- og skurketypene umåteleg karikerte, nesten til det komiske. Heltane er sjølvsagt vakre, i tillegg til å vere smarte og sympatiske. Skurkane er gjerne feite og stygge, og i USA gjeng dei attpåtil og prompar på åpen gate. Så då er det vel greit, då, å take livet at nokre hundre småprompande hamburgerglefsande hengemagar når ein ser sitt snitt til det.

Men det som virkelig er kvalmande med boka er at Nygårdshaug tilsynelatande gjer seg til talsmann for eit menneskesyn der verda sit folketal med makt må reduserast til 1-2 milliardar, der «Å rykke en peperomiaplante løs fra stammen og trampe på den, var en mer brutal handling enn å skjære hodene av et dusin gringos» (s. 269), og der ein like godt kan ta livet av narkomane sidan dei alt har eit så elendig liv(s. 253). Beklager, dette tankegodset er for drøy kost for meg, og eg håper inderlig at det ikkje er Nygårdshaug sine eigne meiningar som kjem til syne her.

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Ein liten skatt av ei bok. John Fante var son av fattige italienske immigrantar, og brukar nok sin eigen bakgrunn som modell for denne forteljinga. Arturo Bandini er tolv år, har 2 yngre brødre og ei superreligiøs og til tider apatisk mor. Faren Svevo er murar, men det er midt på vinteren og dårleg med murararbeid, og dermed trange kår i heimen. Svevo får likevel oppdrag hjå ei rik dame i byen for å sjå på ein peis, men det viser seg at dama er meir opptatt av peisen til Svevo.

Arturo har, i tillegg til vanskane i heimen, også stort sett vanskar ellers også. Han prøver å fange interessa til Rosa, ei av jente på skulen, men det gjeng ikkje så bra. Han spekulerer også mykje over religiøse spørsmål, om synd og syndsforlatelse og slikt. Det einaste som held han oppe er draumen om å bli baseball-spelar.

Det er eit enkelt, men likevel fantastisk språk i boka. Elendet og fattigdomen blir skildra på ein usentimental men likevel nesten poetisk måte. Personskildringane er også strålande. Utan store fakter viser Fante fram kor kort veg det er mellom gode forsett og dårlege val. Der er også ein viss humor i boka, dette viser seg til dømes når Fante, slik eg opplever det, kritiserer katolisismen.

Men var Fante likevel religiøs? Dio cane sver Svevo i starten av boka, «Gud er ein hund». Det er nok meint som gudsspott frå Svevo sin side. Likevel er det ein hund som bidrar til at ting betrar seg litt mot slutten av boka. Let Fante Gud tre inn i forteljinga i form av ein hund, eller er det ein ny spott frå Fante sjølv? Uansett opplevde eg det som eit genial element i avslutninga av historia.

Dette er ei av fire bøker om Arturo Bandini, bøkene er kjende som «Bandini-kvartetten». Eg kjem garantert til å lese dei andre tre også.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Kan ein kalle dette ei handlingsmetta bok utan handling? I alle fall inneheld den eit vell av historier, eller kanskje skisser til historier, lagt i munnen på ein namnlaus 475-åring som ser attende på utdrag av det lange livet sitt, og spesielt på tida rundt den danske borgarkrigen då han var ung på ordentleg. Monologen stykkast opp av ei rekke digresjonar, ofte frå eit allvitande 3.persons-perspektiv, digresjonar som i beste fall har perifer tilknytning til det hovudpersonen i boka fortel (Dette grepet minner meg på mange måtar om det Simon Stranger gjorde i Mnem). Men eg får altså ikkje grep om kva boka eigentleg handlar om. Jaudå, den skildrar føresetnadane for, og til en viss grad utviklinga av borgarkrigen, men utover det, liksom?

Hovudpersonen er av ei svært velståande familie. Dette gjer at han etter borgarkrigen får innpass i eit eksklusivt stamcelleprogram der livet kan forlengast nærmast til det uendelege. Ein del av forteljinga dvelar ved livsførselen til den priviligerte udødelege klassa, og det ser ut for at Nielsen forestiller seg at livet blir nærmast meiningslaust når ein slepp å uroe seg for å døy. I tillegg kan også enkelte dyr få tilsvarande stamcellebehanding, og når smarte dyr slik som border colliar får tid nok på seg så lærer dei altså å snakke.

Alt i alt er det eit tankevekkande knippe med forteljingar, ofte med element som er overdrive til det groteske. Passasjane eg likte best i boka er likevel kanskje dei av litt meir avmålt karakter, som der border collien Geoff skammar seg over å gjere hunde-ting, men han kan ikkje stå imot for det er trass alt hund han er. Men når boka er ferdiglest så kjennest det som at ein god del av forteljinga framleis manglar. Ein får til dømes ikkje vite ein døyt om den delen av befolkninga, fleirtalet må ein tru, som i forteljaren sin notid stend utanfor stamcelleprogrammet.

Vi hadde denne boka til felleslesing i den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden er her. Det kom fram ein del interessante synspunkt undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Populærvitskap er artig, og det å kunne formidle forskningsresultat til ålmenta på ein lettfatteleg og fengande måte er ein kunst. Eg vil tru at enkelte fagfelt er lettare enn andre å formidle, og historie høyrest for meg ut som eit av dei mindre krevande. Det spørs sjølvsagt også på kvar ein legg lista. Harari legg lista høgt, han vil nemlig skrive om heile menneskehistoria. Og han passerer lista med god margin for dette er både lettlest og stort sett overtydande. Og i og med at boka har blitt ein bestselgar, så kan ein kanskje seie at dette er populærvitskap i dobbel tyding.

Det er dei store trekka i historia som penslast ut her, og med fokus på ulike steg i utviklinga av menneskesamfunnet fram til våre dagar samt nokre betraktningar om framtida. Harari er forskar, og på forskarvis undersøker han ulike hypoteser ut frå tilgjengelege data og han er nøye med å belegge drøftingane sine med referanser. Men han fabulerer også ein del undervegs, og det er ein kanskje nøydd til for å skrive ei såpass underhaldande bok.

Sjølv hadde eg forskarbrillene på då eg las, og tykte dermed at boka hadde stått seg betre på litt strengare sjølvjustis når det gjeld å la sine eigne funderingar og meiningar skine igjennom. Men for all del, det er ei knallgod og underhaldande bok, tankevekkande til tusen. Eg vingla mellom terningkast 4 og 5, og var kanskje litt streng når eg landa på 4. Med andre briller på hadde nok terningkastet blitt høgare. Og dersom formidlingsevne skulle vere einaste kriterium så hadde det blitt ein 6’ar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I denne bokklubben-utgåva er dei to siste bøkene i Bjørndal-trilogien samla. I Det blåser fra Dauingfjell dreier mykje seg om sonen til Dag, som også heiter Dag. Dei blir då Gammel-Dag og unge Dag. Unge Dag skal gifte seg med ei byfrøken, Adalheid, og det blir storslått feiring på Bjørndal. Gammel-Dag sparar ikkje på noko for å imponere gjestane frå byen. Det er reint så ein får vatn i munnen av å lese om all den gode maten det blir diska opp med. Og slik held det fram ved fleire høve, julefeiringar med mange gjestar og overdådig oppvartning. Men det gjeng opp og ned her i livet, og slik også for romanfigurane i denne boka. Tragedia råkar unge Dag, og det gjer ikkje saka betre at han finn på å klivre opp på Dauingefjell.

I Ingen vei går utenom kuliminerer mellom anna striden mellom gardane Bjørndal og Borgland. Men mykje av boka dreier seg om trekant-relasjonen Gammel-Dag, unge Dag og Adalheid. Dei to ektemakane pratar ikkje lenger saman, det er ikkje det at dei er uvenner eller noko, det har berre blitt slik at dei ikkje greier å lette hjartet sitt for einannan. Far og son har det på same måte, dei finn ikkje høve til å prate ut om ting som det burde ha vært prata ut om, det er enklast å teie. Dei einaste som har nokonlunde fornuftige samtalar er Gammel-Dag og Adalheid. Her er med andre ord mykje å løyse opp i for romanfigurane.

Det skjer sjølvsagt mykje meir enn dette i desse to bøkene. Eg nevnte temposkifte i omtalen av Og bakom synger skogene. Slik er det også i desse to siste bøkene av trilogien, det kan dvelast ved detaljar over mange sider, og så skjer det brått dramatiske omveltingar i løpet av eit avsnitt eller to. Men bøkene er gode og lettleste, miljø- og naturskildringane er knakande gode, handlinga er brukbart spanande og uforutsigbar, og viktigast av alt; eg blei sugd inn i bøkene. Takk for reisa, Gulbranssen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Klassisk røvarhistorie heilt etter min smak. Året er 1866, og det kjem rapportar frå fleire kantar av verda om at flere skip har blitt senka av eit mystisk sjøuhyre. Slikt kan ein ikkje ha noko av, så den amerikanske marinen sender ut fregatten Abraham Lincoln for å spore opp og bli kvitt dette uhyret. Den franske forskaren professor Pierre Aronnax, som tilfeldigvis er i New York når fregatten skal ut på denne ferda, blir invitert med på turen i og med at han er ein anerkjend vitskapsmann. Det er Aronnax som er forteljar i boka, i første person.

Dei finn uhyret, som viser seg å vere ein ubåt. Etter dramatiske hendingar lagar det seg slik at Arronax og eit par andre som var om bord i Abraham Lincoln blir berga om bord i ubåten. Og no startar eventyret for alvor, dette er eit maraton-cruise til alle kantar av verdshava, der dei opplever dei mest fantastiske ting. Guiden på turen er den mystiske kapteinen som kallar seg Nemo, og som ber på ein mørk løyndom.

Verne verkar å ha vært grundig informert om vitskap og teknologi i samtida. Det er naturleg å tru at skildringa av sjølve ubåten er inspirert av den franske Plongeur, sjøsatt i 1863 og den første ubåten i verda med mekansik framdrift. I likheit med Nautilus hadde denne også eit baugspyd som skulle kunne nyttast til å senke andre båtar. Men der Plongeur blir driven av trykkluft så er det elektrisitet som er drivkrafta i Nautilus, her var Verne 20 år forut for si tid. Minst, for det er ikkje ende på kva visjonar han har for kva elektrisiteten kan nyttast til. Berre noko så enkelt som elektrisk belysning var også noko som kom over 20 år seinare enn boka. I tilleg til teknologiske visjonar så gjer Verne også grundig greie for eit utal av livsformer i sjøen. Alt i alt ei spanande og innhaldsrik bok. Eg høyrde den som gratis lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein god jobb.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flott historie frå bygde-Norge på 1700-talet. Scena er ei flatbygd på det indre austlandet ein stad, og skogsbygda som ligg bakom den igjen. Flatbygdingane ser litt ned på skogsbygdingane, som igjen helst ikkje vil ha noko med flatbygdingane å gjere. Her er det generasjonar med mistru og vondt blod som har fått bløme fritt. Fremst i denn bygdestriden stend storgardane Borgland i flatbygda, og Bjørndal i skogsbygda.

Det er Bjørndalsfolket som er hovudpersonane i denne forteljinga. Eller først og fremst Dag, lesarane møter han som ung gut når faren blir bedt av flatbygdingane om å felle ein slagbjørn, og vidare som bonde på Bjørndal og gjennom det er han også nærmast ein høvding for heile grenda. Medlemer av slekta fell frå, og nye kjem til. Men ein blir også litt kjend med folk frå Borgland, samt frå ein by som ein må anta er Kristiania.

Der er mange temposkifte i boka, temmeleg dramatiske hendingar er unnagjort i løpet av nokre få linjer, og så kan forteljinga dvele lenge ved kvardaglsege scener, eller ved den storslåtte naturen, eller ved kjenslelivet til Dag eller nokon av dei andre. Språket er noko gamalmodig, også utover det ein kan vente frå ei bok frå 1933. Dette er nok eit medvite verkemiddel frå forfattaren, for å ta lesaren med seg attende i tida. Og denne lesaren blei verkeleg med på tur, for dette var ei fengande og god forteljing. Boka er den første i ein trilogi, og eg satte straks i gang med å lese vidare i trilogien etter at eg var ferdig med den.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sjarmerande bok om ei kjærleikshistorie mellom ein kastelaus indar og ei svensk jente på 1970-talet. Men kjærleikshistoria, og sykkelturen som måtte til for å verkeleggjere den, er berre ein del av boka. Rundt halvparten av boka handlar faktisk om oppveksten til indaren, Jagat Ananda Pradyumna Kumar Mahanandia, eller Pikei i daglegtale, etter den engelske uttalen for PK (Pradyumna Kumar).

I likheit med namnet, var heller ikkje oppveksten til Pikei særleg lett. Som kastelaus i ein liten landsby i jungelen i Orissa var det å få skulegang ikkje enkelt, om ein var aldri så talentfull. Det er skammeleg å lese om den sosiale undertrykkinga og mobbinga som kastesamfunnet legg opp til. Pikei viser seg å ha særleg talent for å teikne, og med ein porsjon pågangsmot så livnærer han seg som portretteiknar på gata i unge år. Han møter mange kjende personlegdomar gjennom denne verksemda, mellom anna den russiske kosmonauten Valentina Teresjkova, første dama i verdsromet, og statsminister Indira Gandhi. Men den viktigaste personen han møter er Lotta frå Borås i Sverige. Kjærleiken.

Sjølv om sjølve sykkelturen sikkert var eventyrleg nok, så kjem den likevel i skuggen av den større forteljinga, den om oppvektst i vanskelege kår, kampen for å få nytte talentet sitt, og for kjærleiken. Retteleg triveleg lesnad var det. Boka inneheld også eit knippe bilete til slutt, det var kjekt å sjå. Ein kan ikkje anna enn å beundre Pikei for pågangsmotet, og ynskje lukke til på vegen vidare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hoem er god til å dikte. Han tek utgangspunkt i fakta han har samla om slekta si, og tryllar fram levande menneske slik han forestiller seg at dei hadde det, både i Molde og omgjevandane der og på prærien i Nord-Amerika, for over 100 år sidan. Dette er bok nr. to i denne halvdokumentariske slektskrøniken, som starta med Slåttekar i himmelen.

Brorparten av boka handlar om Eilert, den tredje sonen til slåttekaren Knut Nesje. Ein fyl han på overfarta frå Norge til Amerika, som dreng på garden til tanta Gjertine, og i tru og tvil om kvar og med kven han skal etablere seg. Eilert er nemleg uviljug til å binde seg til noko eller nokon, han vil ha fridom til å gjere som han vil, sjå seg godt omkring, og til å leite etter lukka uansett kor lang tid det måtte ta. Heime i Norge gjeng tida også for slåttekaren Nesje. Det er tungt å drive gard for eit aldrande og etter kvart i praksis nesten barnlaust ektepar. Inntektene minker, og Nesje må innrette seg deretter.

Det er mange scener frå boka som heng att etter at den er ferdiglest. For eksempel Gjertine som vil skyte med gevær og gå på jakt, eller den gamle Nesje som grev seg ny brønn ein tørkesommar. Tidsbiletet er også veldig bra, anten det gjeld livet til nybyggarane på prærien eller miljøet i Molde og omegn rundt år 1900. Dei detaljerte skildringane tyder på at Hoem har satt seg godt inn i levemåten på denne tida. Når språkføringa i tillegg er framifrå, fyk sidene i veg nærmast av seg sjølv. Ein må berre applaudere forfattaren, og glede seg til dei to siste binda i denne serien. Begge er i hus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Prosjektet til Fløgstad i denne romanen er å vise korleis krigsforbrytarar frå Nazi-Tyskland forholdsvis kort tid etter krigen fekk viktige posisjonar i Vest-Tyskland. Dette var mogleg fordi det var danna menneske av borgarskapet som utgjorde eliten i Nazi-administrasjonen, og sidan borgarskapet hegnar om sine eigne var vegen kort frå nederlag til restitusjon. Slik sett kan ein kanskje seie at prosjektet til Fløgstad heller er å vise lesaren kvar borgarskapet skal stå.

Det er to forteljarstemmer i boka. Den vi møtter først høyrer til Nazi-offiseren Otto Nebelung, som fortel om sitt eige, men først og fremst om den evnerike venen Paul von Damaskus, sitt liv før, under og etter andre verdskrigen. Den andre høyrer til Alf Magnus Mayen, ein norsk politimann i tryggingstenesta som vaks opp i Vestkant-Oslo i etterkrigstida. Bindeleddet mellom desse forteljarane er mora til Alf, som var ihuga og aktiv nazist så lenge det passa seg.

Som tittelen antyder, gjeng ein del av handlinga føre seg i grensetraktene mellom Norge og Russland. Litsa-fronten er eit stykke av krigshistoria som eg også nyleg las om i Alf R. Jakobsen sin krimbok Djevelens Kobber. Begge desse bøkene skildrar hendingane, så langt eg kan bedømme, på ein truverdig måte.

Det er er eit vell av faktaopplysningar bakt inn i Fløgstad sin forteljing. Sjølv om det kunne vere moro å finne meir ut av kva som var fakta og kva som var oppdikta, så blei dette ei alt for omfattande oppgåve for denne lesaren. Ei og anna blødma har han også funne plass til, samt ei avslutning som ein kanskje kan kalle magisk realisme. Likevel fekk eg aldri kjensla av at dette var ei uvanleg god bok. Det kan godt hende at ho er nettop det, og at problemet heller er at eg er ein middelmådig lesar. Men sjølv for ein middelmådig lesar så er altså dette heilt grei lektyre, vel verdt tida det tok å lese igjennom den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølv om tittelen tyder «Gabriela, nellik og kanel» så handlar boka i liten grad om nellik og kanel, men ganske mykje om Gabriela. Men mest av alt handlar den om byen Ilhéus på nordaust-kysten av Brasil.

Den sørlege delen av delstaten Bahia, der Ilhéus ligg, opplevde ein eventyrleg økonomisk vekst på 1920-talet på grunn av kakao-plantinga i området. Med utviklinga av kakaohandelen så blei det også eit maktskifte i regionen, frå dei mektige og krigerske jordeigarane til kakao-eksportørane og handelsstanden. Grunna vanskelege havneforhold måtte kakaoen først fraktast landevegen til delstatshovudstaden Salvador, og dermed mista Ilhéus store inntekter frå den vidare eksporten. Sjølve katalysatoren for, og symbolet på, det omtalte maktskiftet var etableringa av ei havn i Ilhéus som var stor nok til å ta imot lasteskip for direkteeksport av kakao.

Det er midt i desse omveltningane vi blir kjende med Nacib, ein livsnytar av Syrisk herkomst som driv ein populær bar i Ilhéus. Når kokka hans pakkar saman og reiser kvelden før han skal servere for eit viktig middagsselskap kjem han i knipe, for det er umogleg å oppdrive kokker i byen. Ved eit slumpetreff kjem han over Gabriela, som har flykta frå tørken i innlandet for å finne ein leveveg i byen, og det viser seg at ho lagar fabelaktig mat. Når ho i tillegg er ei særs attraktiv dame ligg det an til både romantikk og forviklingar.

Kjærleikshistoria er, sjølv om retninga den tek vakte moralsk forargelse i Brasil då boka kom ut i 1958, likevel den minst interessante delen av boka. Det som virkelig løfter forteljinga er Amado sine skildringar av eit rikt og variert persongalleri. Scenene frå byen er mala ut med humor og varme, og ein får beint fram lyst til å klatre inn i boka for å slarve litt saman med gamlekarane i bokhandelen, slenge seg nedpå ein time eller to i baren til Nacib om ettermiddagen, eller dra på rangel nattestid. Og det beste er at når boka er ferdig, så følest det som om eg har vært med på alt dette.

Dette er ei av Amado sine mest kjende bøker, oversatt til over 30 språk, og den er filmatisert i fleire omgangar, tre gangar som TV-serie (1960, 1975 og 2012) og som kino-film (1983). Kinofilmen er å finne her.

Baren til Nacib, Bar Vesúvio, fantest forøvrig i virkeligheita og lever enno i beste velgåande (og det er sikkert ikkje ein ulempe med reklamen frå boka).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Aahhh – oppvekstskildring! Ein favorittsjanger for denne lesaren. Ein fyl guten Anders frå han er nokre få år gamal, frå det første minnet han har frå livet sitt, og til forbi konfirmasjonsalderen. Oppveksten er på ein gard på Austlandet ein stad, far er ein agronom som kom til bygda og gifta seg med odelsdattera på garden Anders veks opp på. Utanom foreldra og søskenflokken bur der også nokre få tenestefolk på garden, og der kjem sesongarbeidarar når det er tid for det.

Skildringa skiftar karakter i takt med at Anders veks til. Frå barnlege og underfundige betraktningar i dei tidlege åra, over til dei vare og forvirrande kjenslene til ein gut i pubertetsåra. Ein blir kjend med ganske mange folk i bygda, på godt og på vondt. Spesielt inntrykk gjorde to av tenestefolka på garden, Embret og Gorine, som har vært til-og-frå-kjærestar i eit par mannsaldrar, men som ikkje kan få einannan fordi den eldgamle mora til Gorine er imot det. Ei anna scene som gjorde uutsletteleg inntrykk er korleis Anders og ein gjeng andre gutar lar ein rampestrek gå alt for langt, og tek livet av ein geitekilling.

Forteljinga er lagt fram i tredje person. Men det er vanskeleg å tenke seg anna enn at Sigurd Hoel har nytta mykje av sine eigne barndomsminne som inspirasjon for boka. Hoel vaks sjølv opp på gard, så det er lett å forestille seg forfattaren som Anders. Sjølv om Anders åpenbart er glad i garden, bolk 1 av boka ber forresten tittelen Edens have, så verkar det ikkje som om han ynskjer å bli jordbrukar. Men kva ynskje og draumar hovudpersonen har kjem i liten grad fram i boka, den handlar stort sett om kva ballast han får med seg frå oppveksten. Og det meste av den er av den gode sorten.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Det er moro med gamle science fiction-forteljingar. Denne høyrer vel til i toppsjiktet dersom ein skulle stille opp ei liste av klassikarar innan genren. Ikkje fordi boka er så fantastisk god i seg sjølv, i alle fall ikkje etter mi meining, men fordi den har hatt så stor innflytelse på populærkulturen i over hundre år. Boka er filmatisert mange gangar, mange har kanskje sett Spielberg-filmen frå 2005 med Tom Cruise i hovudrolla? For min eigen del var mitt første møte med denne historia då NRK ein gang på 70-talet viste The Night that Panicked America, ein filmatisering av massehysteriet som oppstod under ei radio-dramatisering av boka i 1938, der lyttarane trudde dei høyrde på ei verkeleg nyheitssending.

Sidan det er H.G. Wells som skriv, så er handlinga lagt til England, og ikkje til USA som ein er vant med frå diverste filmatiseringar. Det observerast ein rekke merkelege lysfenomen på Mars, nesten som eksplosjonar. Noko tid seinare krasjar ein stor metallsylinder ned på den engelske landsbygda. Det kjem mange nyfikne til staden, og brått startar sylinderen å åpne seg. Det er nokon inni. Derifrå ekalerer det til eit reint mareritt, det kjem fleire sylindrar, og det blir klart at det dreier seg om ein ytterst fiendtleg invasjon av teknologisk overlegne skapningar.

Det er ei god og spanande bok. Likevel sat eg med kjensla av at sjølv om plottet, og dei nyskapande elementa i det, var veldig bra, så var ikkje boka som heilheit mer enn noko over middels. Men uansett var den god tidtrøyte på diverse køyreturar i sommar, eg høyrde den nemleg som gratis lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren var god, noko som sjølvsagt er viktig for ei lydbok.

Med denne har eg no høyrt fire av bøkene til Wells som lydbok. Det blir nok ikkje den siste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei heilt grei krimbok frå Melbourne i Australia på 1880-talet. Forfattaren Fergus Hume er tidlegare ukjend for meg, han var ein samtidig av den meir vidgjetne Arthur Conan Doyle, levde det meste av livet i England, men han vaks opp på New Zealand og han var busett i Melbourne medan han skreiv og publiserte denne boka.

Eit lik blir oppdaga i ein hestedrosje. Det vil seie, drosja blir stoppa seint på natta av ein mann på gata, som har tatt seg av ein annan overstadig rusa mann, og vil ordne med skyss heimatt for han. Etter litt om og men stig dei begge om bord i hestedrosja, men den edrue stig av igjen før dei har kome fram. Då drosjeføraren litt seinare ber den fulle passasjeren om å forklare adressa nærmare, viser det seg at han er myrda. Politiet blir kopla inn, og politietterforskaren Mr. Gorby tek saka. Han bruker ca. halve boka på å løyse den. Men er saka egentlig løyst?

Forfattaren var flink til å variere forteljarteknikken i denne forteljinga, og spesielt i innleiinga. Plottet var ganske brukbart. Personkarakteristikkane var jevnt over gode, og miljøskildringane var også av god klasse. Alt i alt ei leseverdig bok, skulle det vere fleire enn eg som finn glede i å finne fram til gamle bokskattar av mindre kjende forfattarar så kan eg absolutt anbefale denne. Eg høyrde den for øvrig som lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein framifrå jobb.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er glad i kattar, og tenkte derfor at dette måtte vere ei bok som ville vere midt i blinken for meg. Og jau då, det var mange ting eg likte ved boka. Katteskildringane er veldig flotte, og ein må vel også kunne kalle dei poetiske. Då var det litt verre med menneskeskildringane. Eg greide ikkje heilt å få taket på personane i denne boka. Er japanarar så grunnleggande ulike meg sjølv at eg ikkje forstår meg på dei, eller er det forfattaren eg ikkje forstår meg på, eller kanskje har oversetjinga forvrengt eit eller anna? Noko er det i allefall, noko som gjorde at eg ikkje kunne kjenne meg att i stort av det personane gjer eller tenker.

Forteljarstemma er den til ein relativt ung, gift mann som saman med kona leiger eit anneks til ein herskapsvilla. Dei har vært igjennom ei slags krise, utan at ein får vite noko større om det, men ein får vite at ingen av dei er interessert i at dei skal ha ungar. Heller ikkje kjæledyr, for den del. Men ein av naboane til huset dei har flytta inn i har ein nydeleg kvit katt, og denne katten byrjar å vitje ekteparet. Dei blir så begeistra for denne katten at dei nærmast tilber den. Ein får etter kvart inntrykk av at heile livet deira dreier seg om denne inntrengaren i heimen deira. Men kan denne lånte lukka vare? (Ja, det er eit leiande spørsmål)

Eg vil ikkje seie at eg er skuffa over boka, men i og med at eg hadde vanskar med å setje meg inn i hovudpersonane sin stad så kjende eg på at eg ikkje fekk fullt utbytte av den. Vingla mellom terningkast 3 og 4, men enda til slutt på det siste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei herleg bok, dette, i den grad ein kan seie at skildringar av personar på skråplanet, eller på veg dit, er herleg. Ein fyl eit knippe personar i Stavanger-området gjennom nokre hektiske haustdagar, personar som normalt ikkje ville hatt stort med einannan å gjere. Men sidan omstenda er som dei er, så vevast lagnaden deira til ein viss grad saman.

Den skilde tenåringspappaen Pål er i pengeknipe, han har spelt på seg uhorveleg stor gjeld, og treng hjelp til å skaffe ein million eller der omkring. Han vender seg til eit knippe jevnaldrande som han så vidt kjende i ungdomstida, og som no er yrkeskriminelle, for å få hjelp til å dra i land ein forsikringssvindel. Døtrene til Pål er eit kapittel for seg, den eldste, Malene, er pynteleg og ordentleg medan Tiril er beintøff goth-jente. Klassevennina til Malene, religiøse Sandra, har forelska seg i barneverns-kasuset Daniel som ikkje er heilt trygg. Spesielt utrygt blir det når han kjem i skvis mellom Sandra og fostersøstera si.

Renberg har skrive ei lettlest og underhaldande tekst, tidvis humoristisk, men som også formidlar dei sterke kjenslene til fleire av dei involverte. Det er korte kapittel, og ein vekslar mellom å følge dei ulike hovudpersonane i forteljinga. Dei sekshundreogeitelleranna sidene flyg unna før ein veit ordet av det, og kjensla ein sit att med etterpå er at ein vil ha meir. Heldigvis har Renberg gjort noko med dette, han har skrive eit par bøker til med framhald til denne forteljinga. Skal lesast.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Jaudå, denne sat som eit skot. Oppvekstskildring, eit miljø og ein geografi som er så godt som ukjent for meg, dramatiske hendingar med krig og elende, ein usannsynleg helt og ein god porsjon elskhug til litteraturen.

Settinga er den vesle øya Bougainville aust i Papua Ny-Guinea og borgarkrigen der på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Matilda er ein oppvakt jentunge som bur i ein liten avsidesliggande fiskarlandsby, og ho er forteljarstemma i denne historia. På grunn av krigen, som enno ikkje har kome til deira kant av øya, har skulen i landsbyen blitt avvikla. Men den merkelege Mr. Watts, ein australiar som har gifta seg med den minst like merkelege lokale dama Grace, bestemmer seg for å take seg av borna i landsbyen og halde skule for dei. Han er ikkje lærar og har begrensa føresetnadar for oppgåva, men det løyser han elegant ved å introdusere borna for Charles Dickens sin «Store forventninger» og helten i denne historia, Mr. Pip. Med denne boka som ein raud tråd i undervisninga blir skuledagen ein fest for ungane, som lever seg inn i handlinga. Men krigen innhentar til slutt også denne landsbyen, og det blir dramatisk når soldatane prøver å finne denne Mr. Pip som ungane pratar om.

Den som ventar å finne ein klar parallell mellom Dickens sin historie og denne boka trur eg vil bli bittelitt skuffa. I alle fall var ikkje slike parallellar åpenbare for meg. Likevel er eg glad for at eg har lest (høyrt) Great Expectations for ikkje alt for lenge sidan, for det refererast trass alt ein del ti hendingar i denne boka undervegs. Om ikkje anna så var det moro å gjennoppleve delar av boka gjennom augene (øyrene?) til barneflokken i Jones sin bok.

Vi hadde denne boka som felleslesing i Lesesirkelen av 2014, det blei ein fin diskusjon denne gongen også. I tillegg må eg nemne at boka er filmatisert, med Hugh Laurie (frå TV-serien House) i rolla som Mr. Watts. Eg har ikkje sett filmen, men tippar han kler rolla godt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Nina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieHanne Kvernmo RyeIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieJBReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteHarald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TKirsten LundNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiHeidi HoltanMorten Jensen