Ei herleg bok, dette, i den grad ein kan seie at skildringar av personar på skråplanet, eller på veg dit, er herleg. Ein fyl eit knippe personar i Stavanger-området gjennom nokre hektiske haustdagar, personar som normalt ikkje ville hatt stort med einannan å gjere. Men sidan omstenda er som dei er, så vevast lagnaden deira til ein viss grad saman.

Den skilde tenåringspappaen Pål er i pengeknipe, han har spelt på seg uhorveleg stor gjeld, og treng hjelp til å skaffe ein million eller der omkring. Han vender seg til eit knippe jevnaldrande som han så vidt kjende i ungdomstida, og som no er yrkeskriminelle, for å få hjelp til å dra i land ein forsikringssvindel. Døtrene til Pål er eit kapittel for seg, den eldste, Malene, er pynteleg og ordentleg medan Tiril er beintøff goth-jente. Klassevennina til Malene, religiøse Sandra, har forelska seg i barneverns-kasuset Daniel som ikkje er heilt trygg. Spesielt utrygt blir det når han kjem i skvis mellom Sandra og fostersøstera si.

Renberg har skrive ei lettlest og underhaldande tekst, tidvis humoristisk, men som også formidlar dei sterke kjenslene til fleire av dei involverte. Det er korte kapittel, og ein vekslar mellom å følge dei ulike hovudpersonane i forteljinga. Dei sekshundreogeitelleranna sidene flyg unna før ein veit ordet av det, og kjensla ein sit att med etterpå er at ein vil ha meir. Heldigvis har Renberg gjort noko med dette, han har skrive eit par bøker til med framhald til denne forteljinga. Skal lesast.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Jeg holder på med nr 2; Angrep fra alle kanter nå, og den er like herlig. Alvorlige tema, men også litt ellevill, denne Hillevågsgjengen.
Jeg hører forresten disse som lydbøker, forfatteren selv som leser. Og han leser godt!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heile Teksas-serien er herleg! Dei fleste gjer høgre rating av dei neste to bøkene, sjølv likte eg derimot denne første best. Dei andre er vel og merke heller ikkje dårleg, altså, eg likte berre denne første så veldig godt. Serien utviklar seg til å bli meir og meir "krim-aktig" dess lenger ein kjem i handlinga. Renberg skriv godt, merker det ved at eg alltid sit og gruer meg til boka skal ta slutt fordi det blir så vanskeleg å finne noko nytt å lese etterpå.

Du har sikker allereie lese hi, men i motsett tilfelle never eg boka "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?" av Johan Harstad. Veit ikkje heilt kvifor eg får assosiasjonar til denne boka men eg gjer iallfall det. Trur det er ei bok etter di smak

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tatiana WesserlingPiippokattamarithcHarald KTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  Frøysaa