Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka gjev ei framstilling av villsauen si kulturhistorie og fortel om villsauen sin plass i høve til andre sauerasar. Blant emna er: avl, beiting, bruk av ulla og stell av lyngheiane.
Omtale fra forlaget
I over fem tusen år har menneske stelt kystlandskapet for å skaffe seg mat i nært samspel med naturen. I lyngheiane ved havkanten har dei hatt sauer på beite, som gav både kjøt, mjølk, skinn og ull.
"Den gammalnorske sauen er eineståande og har til alle tider gjeve oss så rike gåver at han fortener
respekt og omsut. Ursauen er ikkje gammaldags, men ein sau for framtida," skriv Hilde Buer i denne første boka om villsauen.
Villsauboka gjev ei grundig framstilling av villsauen si kulturhistorie og fortel om villsauen sin plass i høve til andre sauerasar. Vi får høyre om kva som særpregar villsauen, og korleis ein kan få mest mogeleg ut av sauehaldet gjennom samspelet med dyra. Andre emne er stell av lyngheiane, lyngbrenning, avl, beiting og fôring, bruken av ulla, villsaugarden og sauehaldet i vid forstand.
Villsauboka er både ei lærebok og ei oppslagsbok, men også ei bok til glede og inspirasjon. Boka byggjer på oppdatert kunnskap og forskingsresultat frå inn- og utland.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788282400374
EAN 9788282400374
Språk Nynorsk
Sider 190
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket