2023
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kjønn er i dag blitt eit «mangfald» og noko som kan veljast. Samstundes blir kjønn, som «kjønnsidentitet», forstått som «ditt eigentlege eg». Kva konsekvensar får desse førestillingane for barn og unge, og for kvinners rettar? Kva konsekvensar får det for menn, ja for alle, å måtta bytta ut ei objektiv forståing av verda med ei subjektiv forståing?
Kjønnstru: Kampen om røynda forklarer korfor og korleis kjønn er blitt til ein mystisk essens, «kjønnsidentitet», som ein trur er lausriven frå kroppen. Boka gjev ei grundig innføring i fleire alvorlege problemstillingar rundt fellesskapet si handtering av denne kjønnstrua. Slike problemstillingar er førebels ikkje grundig debatterte eller handterte i norsk offentlegheit.
Anne Kalvig (f. 1972) har lang fartstid som organisert kvinnesakskvinne, som tidlegare politisk aktiv på ytste venstreside og som formidlingsglad religionsvitar. Ho var inntil sommaren 2023 professor ved Universitetet i Stavanger.
Kjønnstru: Kampen om røynda er hennar fyrste bok på eige forlag, Medvit forlag.
Forlag Medvit forlag
Utgivelsesår 2023
Format Heftet
ISBN13 9788230361368
EAN 9788230361368
Språk Nynorsk
Sider 353
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket