Det at en forfatter evner å levere bøker som ikke er bygget over samme lest som tidligere utgitte bøker, synes jeg er bra. Det er nok av forfattere som leverer bøker av typen "har du lest en har du lest alle". Men når det er sagt likte også jeg " den lukkede bok" best. Den " traff" meg på en annen måte. Vanskelig å forklare. Jeg ser jo absolutt forfatterens litterære kvaliteter i " din nestes hus" , boken er svært god - men hvis vi først skal begi oss ut på å sammenligne er også min konklusjon klar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Det at bøkene er forskjellige, er i seg sjølv ei styrke. Det er eg einig i. Men som eg har skrive i bloggomtalen av boka, er det fleire ting som gjer at denne ikkje lever opp til forventningane mine. Det går ikkje på at bøkene er ulike, men det går på kvaliteten på Din nestes hus.

Hovudproblemet for min del, blir at Kaarsbøl forsøker seg på eit forteljargrep som ho ikkje får til å fungere. Forteljinga er forsøkt framstilt scenisk. Kaarsbøl viser fram epsiodar og viser kva Laus og dei andre karakterane seier og gjer. Innimellom får lesaren innblikk i Laus sine tankerekker, men då ser han ofte tilbake på scener frå tidlegare i livet. Dette er eit spennande grep, men eg opplever at det fungerer dårlig i denne romanen. Forteljinga får eit hakkete og oppstykka preg. Vi får vite svært lite om kva Laus eigentleg tenker og kva slags kjensler eg-personen har, noko som også gjer at samanhengane blir borte. Eg får ikkje forståing for Laus, handlingane hans og vala hans. Kombinasjonen med eg-forteljaren gjer at det blir ei avstand mellom lesar og forteljar, som eg opplever som forstyrrande.

Det er mange flotte element i boka, og særlig skildringa av jentungen til presteparet, synest eg er svært god. Men eg syntest forteljinga blei hakkete, oppstykka og usamanhengande, på ein måte som gjorde at totalpakka ikkje fungerte heilt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda AKirsten LundPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenEivind  VaksvikLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingPiippokattaJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland Skjeggerud