Første avsnittet i boka presenterer lesaren for den uuthaldelege kulda, voktaren og brakkene fangane bur i. Vidare gir boka detaljerte skildringar av livet til fangane sett gjennom Sjukhovs auge. Desse skildringane er til tider i overkant detaljerte for min smak, arbeidet fangane gjer blir for eksempel gjenfortald på eit slikt detaljnivå at det nesten blir litt langdrygt. Samtidig er kanskje dette eit poeng i seg sjølv, murararbeidet Sjukhov gjer denne dagen er langdrygt og hardt i den uuthaldelege kulda. Mykje av dagen til Sjukhov og dei andre fangane går med på å finne på små ting han kan gjere for å gjere dagen lettare og sikre seg goder. Ved å vere hjelpsom og vennleg mot dei rette personane, kan han kanskje skaffe seg ein ekstra porsjon suppe eller brød i løpet av dagen.

Eg lar meg imponere over den usentimentale og nøkterne tonen i forteljinga. Sjukhov ser ikkje på seg sjølv som eit offer, til tross for at han blir drive til slavearbeid i fleire titals minusgrader. Han tar sjølv ansvar for å gjere det beste utav akkurat denne dagen, og denne grunnleggjande haldninga til livet er beundringsverdig. Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å trekke inn biografiske element frå forfattaren sitt liv i lesinga av bøker, men i forhold til En dag i Ivan Denisjovitsj liv klarer eg ikkje å sjå vekk i frå at denne romanen er basert på forfattaren sine eigne erfaringar frå straffearbeid i fangeleir. Den grunnleggjande positive haldninga til Ivan Denisovitsj gjer romanen til ei sterk lesaroppleving, og lesaropplevinga blir endå sterkare sett i lys av forfattaren si eiga historie.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Ja, det er et sterkt møte med en politisk fange i en straffeleir i Sibir.
Her forteller forfatteren hvordan livet kunne være for de hardt prøvede menneskene. Han kamuflerer seg selv men det er liten tvil om at dette skjedde han og andre medfanger. Her beskrives 1 dag, hva med alle de andre dagene?
Fra Wikipedia har jeg hentet dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Interessant omtale!
Jeg har tatt inn de siste linjene i min liste En russisk skattekiste. Håper det er ok for deg :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er bare kjekt :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ta gjerne en titt på listen hvis du er interessert i russisk litteratur :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

junieBerit B LieAnne Berit GrønbechAgnesTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdallillianerSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleAnn ChristinEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKjell PMads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeThomas KihlmanDolly Duck