Hmmmm...interessant! Men det er ein del som eg ikkje heilt har forstått kvifor forfattaren har tatt med. Den radikale familien på Otterøya t.d.. Kvifor har skildringa av dei fått så stor plass? Den breie forteljinga om dei har ikkje har noka direkte tilknytning til David, eller kva? (Sjølvsagt gjennom skuldningane han framset mot Grim, men ikkje elles). For ikkje å snakke om den døde jenta. Kva har eigentleg skjedd med henne? Mange spørsmål reiser seg her. Underleg at ikkje dette får større plass. Men kanskje Tiller kjem attende til denne hendinga i neste boka? I alle fall må vi der få vite meir om David sitt opphav, hans eigentlege familie. Lurer på om han kan ha ant at noko ikkje stemde her. Var det difor han nekta å feire sin eigen fødselsdag?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Eg tenker at den radikale familien på Otterøya er ein del av miljøskildringane. Det er mykje vekt på korleis det konservative mannsidealet pregar folk der ute på øya. Måten samfunnet tar imot denne familien på, er med på å understreke kor vanskeleg det er å vere annleis enn forventa, i dette øysamfunnet, kor menn ikkje kan drikke vin fordi det er for feminint. I bok 1 kjem det fram at David i tenåra er tiltrekt av den bohemske levemåten til familien til Silje, og hans kunstnardraumar. Dette står jo i veldig sterk kontrast til dei forventningane han må møte av miljøet han veks opp i og kanskje særleg av bestefaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det er svært merkeleg at historia med den daude jenta får så liten plass, og ikkje nemnast av fleire. Dette må vel bli noko som følgjast opp i neste bok? Synst dete er spanande!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågVariosaHarald KLars Johann MiljemgeKirsten LundToveDemeterAlice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødChristinaBeathe SolbergRandiAJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude JensenCecilie69Hilde Merete GjessingKristine87Solveig