Aslaug Vaaa har skrevet dette flotte diktet om kjærlighet.

Å EIGA

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?

Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te -
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir -
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so hardt det er,
skjønna blomen, so mjuk han er -
Og stend eismalle att.
Er ein då eismall?
Er ikkje då den andre men'skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Jå, kan ein då noko sinn bli eismall att?

Når to gjev seg til kvarandre,
og stend eismalle att
kjem det ein stri
i hugen,
i holdet,
om det å eiga
og det å vera fri.

For enno er men'skje bundne
og veit ikkje kva dei sei
når dei kviskrar til kvarandre:
eg elskar deg.

Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.

Fyrst når to men'skje kan sei til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg -

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyma gjenom blodet
i javne, rolege pulsslag -

Fyrst då kan to men'skje eiga kvarandre.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Gode minne om dette diktet: Tolka det til det som i gamle dagar heitte examen artium i norsk ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk, Kjell, for at du henta orda fram igjen Og Ava... Heilt nydelig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det nest siste verset sier alt for meg. Når to mennensker kan si til hverandre og mene det:

Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg-

Da er det meste sagt, tenker eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, vi har i grunnen hatt dette som motto her heime, frå 1972, det året som diktet vart gitt til eksamen ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fantastisk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

Kine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterMarit AamdalAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelKirsten LundmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaPiippokattaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein KippersundIngunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekToveHallgrim BarlaupChristofferHanneAstrid SæverhagenStig THeidiBerit RHarald K