Eg er så mange stader: Etter middagen set eg meg ned og les litt i "Lo dicho" (idiomatiske uttrykk i spansk), Thomas Manns "Buddenbrooks", Platons "Samlede verker" (er no i bd. VI) og "Henrik Ibsens skrifter" (for tida i "De unges forbund"). Etter ei økt med førebuing til neste arbeidsdag (der eg som regel ser på norskbøkene "Grip teksten 1" og "Signatur 1" og spanskverket "Mundos nuevos 2" og det kjedelege engelskverket "Tracks 1"), les eg Mario Vargas Llosas "Travesuras de la niña mala", Mester Eckerhardts "Å bli den du er", "Klassisk litteraturteori" (av Eiliv Eide, Atle Kittang og Asbjørn Aarseth), Ane Hoels litt banale, men lesverdige "Hvorfor Ibsen?" og Odd Arvid Storsveens fantastiske Wergelandsbiografi "Mig Selv". Altfor mykje er dette, særleg når eg i tillegg driv med Dario Fos skodespel om ein anarkists tilfeldige død og Thomas Manns "Tonio Kröger", som eg ikkje vart ferdig med på siste utanlandstur. Kvar måndag driv eg med Markusevangeliet på gresk, kvar tysdag Vergils "Aeniaden" på latin, kvar onsdag Pusjkins "Spardame" på russisk, kvar torsdag og fredag Cesare Paveses "La bella estate" på italiensk og kvar laurdag og sundag spansk grammatikk. Ja, dette blir mykje ("In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister"), men det er da så artig ... I bilen høyrer eg på Sigrid Undsets "Korset".

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Fantastisk! Eg er utroleg imponert over din språkkunnskap og din kapasitet! Aeniaden er eit verk eg håper å få lest etterkvart, men eg må diverre ta det for meg på norsk. Du verker veldig strukturert i di tilnærming til litteratur og det må du sikkert vere for å rekke over alle bøkene du skriv om her. Sjølv les eg ein del etter innfallsmetoden (bortsett frå Shakespeare-prosjektet og Faust, som leseselskapet mitt for tida tar føre seg), og trivst med det. Flott at bokelskarar som deg kan inspirere oss andre til å ta fatt på meir utilgjengelige verker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk! Tid er eit større problem enn språk ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når ungene er blitt litt større, og jeg har begynt å spille lotto og vunnet (!), skal jeg jobbe 50%, skaffe meg hushjelp og lese kanskje bortimot halvparten så mye som det du rekker over...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, livet har fleire fasar (utan at lottopremien og hushjelpa har dukka opp enno). Eg har lese mykje om Sigrid Undset og ønskjer meg, ut frå skildringane av det gode borgarskapet, "pike" i huset, til å lage mat og gjere reint, slim at vi kan lese meir ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergMona AarebrotPiippokattamarvikkisReidun VærnesTanteMamieLailaKirsten LundIngunn SLabbelineSissel Karlsen FjeldetTarjeiINA TORNESFrode TangenbeaverkriekHilde Merete GjessingTorill RevheimAvarubbelGodemineWenche BrohaugEivind  VaksvikEirin EftevandAgnesLinda LarsenLars MæhlumBenteKjell F TislevollVannflaskeBenedikteMorten BolstadBjørg L.Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethReidun SvensliEllen E. MartolJoannIngeborg GKine Yun Hoch-NielsenFrisk Nordvest