No One Belongs Here More Than You (Miranda July) er litt søt, og eg fekk lyst til å lese ho fordi det høyrdes ut som kjærleik utan for mykje kliss. The Unbearable Lightness of Being (Milan Kundera) er ei velkjend bok med ein fin tittel. Eg hadde nok hatt lyst til å lese ho berre eg såg tittelen, men no hadde eg allereie lese andre bøker av samme forfattar, så det var vel ikkje tittelen åleine som gjorde trikset.
Hvordan snakke om bøker du ikke har lest? er òg litt av ein merksemdsfangar.
Men eg trur min favoritt så langt må vere Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (Tomas Espedal). Den er akkurat så pompøs som eg likar dei, og boka vart kjøpt utan vidare inspeksjon. Kven vil vel ikkje leve eit vilt og poetisk liv?
Viser 1 svar.
No One Belongs Here More Than You hadde jeg helt glemt! Det samme gjelder Eggers A Heartbreaking Work of Staggering Genius som noen nevnte over her. Fantastiske titler begge to. Og når du først nevner Milan Kunderas bok, må jeg nesten nevne One Hundred Years of Solitude av Gabriel García Márquez også. Av en eller annen grunn minner de meg alltid om hverandre.