Eg er lærar i ungdomsskulen. Dette er ei situasjonsskildring frå i går: "Eit flott lyspunkt denne litt sure mandagen, var besøket av barnebokforfattaren MARIA PARR, ho som har vunne fleire prestisjetunge prisar i det siste. På sin fullstendig ujålete måte fekk ho ungdommane i tale, og dei hygga seg stort over framføringa og opplesinga hennar. Brått hadde mandagen fått FARGAR, og smila og latteren tok over! Så fekk dei også tilbakemelding frå den besøkande, at det var VELDIG hyggeleg å vere saman med dei. Maria er ein dyktig formidlar av det ho skriv om i bøkene sine. Gjeld både VAFFELHJARTE og TONJE GLIMMERDAL.
Viser 1 svar.
Jeg hørte ferdig lydboka i dag, og har tidligere hørt "Tonje Glimmerdal". Det er bare en ting å si: "Maria Parr! Skriv flere bøker!!!"