Kanskje ville eg ikkje ha lese denne kriminalromanen om eg ikkje hadde kjent miljøet og forfattaren, tidlegare kollega frå skolen som han er. Dei siste åra før pensjonsalderen arbeidde han i industrien. Og det er nettopp dette som er bakgrunnen for romanen: Toten og Gjøvik, industrimiljøet på Raufoss og skogane vestover mot Land. Dette er ein fin debut; boka er godt komponert, og forfattaren legg ut spor som - slik dei skal i ein god kriminalroman - blir tydelege og meiningsfulle etter kvart som saka blir oppklart. På dei siste sidene framstår heile handlinga som logisk; fælt lite er overraskande sjølv om eit par lause tråder nok blir hengjande i lufta. Ein av personane burde ha vore introdusert tidlegare, det er litt feil i det som står på tysk, seimikolon blir ikkje brukt i samsvar med reglane for teiknsetjing og ein restaurant som blir nemnd, er i røynda stengd på sundagar. Dette er detaljar. Lindviksmoen har mange skildringar som ikkje berre er (delvis) gode i seg sjølv, men som òg er med på å leie den merksame lesaren fram mot oppklaring. Jo, brikkene fell på plass. Likevel framstår boka som heilskap som noko kantete og grov til skjønnlitteratur å vere - men med gode tilløp til å bli ein levande roman, ein roman som pustar.