I Den dominikanske republikken vart motstanden mot diktatoren Trujillo - med god grunn - større og større, og kom til å omfatte også tidlegare regimevennlege miljø. Rett utanfor byen Moca vart ein syskenflokk engasjerte i den tverrpolitiske motstandsrørsla. Regimet arrangerte ei trafikkulykke der tre systrer miste livet. Den fjerde skreiv seinare ei bok om familien, kampen mot diktaturet og det å miste tre systrer. Eg har vore i huset dei voks opp i og sett bilen. Og om eg ikkje har møtt forfattaren, har eg i alle fall nesten komme tidsnok til å sjå henne. Diktatur blir så verkeleg når dei individuelle opplevingane blir framstilte i lys av dei allmenne forholda. Langt, langt oppe i borgarskapet var dei. Og så vart dei drepne, dei tre sommarfuglane, som dei vart kalla. Minnet om dei lever vidare i Moca, og eg har tre sommarfuglfigurar på veggen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Er det de samme søstrene som blir omtalt i Vargas Llosa's "Bukkefesten"?
Boka du referer til her har jeg sett men ikke lest, interessant.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"I sommerfuglenes tid" er forteljinga om dei same systrene som Vargas Llosa omtalar i "Bukkefesten". Dette er veldig sterke saker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesKirsten LundFride LindsethMarit HøvdeG LskognymfenEllen E. MartolLailamarithcVannflaskeVibekeBjørn SturødSynnøve H HoelBjørg L.IreneleserKorianderBeathe SolbergMarit HåverstadIngunn SPiippokattaDolly DucksiljehusmorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudCarine OlsrødLene MHilde H HelsethKaramasov11Kari ElisabethStein KippersundAnn Helen ETrude JensenTorill RevheimGodemineHarald KTone SundlandBente NogvaMarianne MKristine LouiseAgnete M. Hafskjold