Augustin er ein så sentral forfattar i den kulturhistoriske bakgrunnen som vi er ein del av, så eg er glad for at eg kom over Trond Berg Eriksens bok om han. Fint å lese om dei sterke åndelege opplevingane hans (Augustins, altså).
Viser 5 svar.
I går møtte eg forfattaren, Trond Berg Eriksen (og fekk namnetrekket hans i boka). Han heldt foredrag. om den heilage Augustin - ja, eit ordentleg foredrag, for han snakka fritt og naturleg og las ikkje opp frå manuskriptet: Klart, poengtert, humoristisk. Ei lærerik oppleving!
Her kunne jeg tenkt meg å være flue på veggen. Går ut fra at du har lest boken. Hva synes du om den? Hva synes du om hans bøker?
Augustins eller Berg Eriksens? Når det gjeld den heilage Augustin, vil jo synspunkta vere avhengige av livssynet åt den som les. Men i alle tilfelle er dei interessante fordi dei reflekterer overgangen frå heidenskap til kristendom så godt - og derfor òg slutten på seinantikken. Og Trond Berg Eriksen? Eg er ikkje alltid så einig med han, t.d. kunne eg ha tenkt meg å diskutere essaysamlinga Briste eller bære med han. Bøkene om Italia har eg ikkje lese, men dei om idéhistorie viser nok at han har god greie på det som han skriv om. Boka om Dante har eg bladd i litt, og eg synest at ho kunne ha vore grundigare og meir problematiserande. Så inntrykket er litt blanda.
Takk for svar. Liker å lese slike bøker med filosofiske øyne. Selv om jeg er kristen så svelger jeg ikke alt. Derfor liker jeg bøker som er balansert "for/imot", for å si det på den måten. Folk var intelligente den gang som nå, men ble bremset av miljø og teknikk.
Så kjekt at du fikk med deg det foredraget,det hadde jeg absolutt gjort jeg også hadde jeg bare vært i området. Flott å høre på en som virkelig kan holde foredrag.