"Krabbeskipet" er boka du bør lesa. Av fleire grunnar, gode grunnar, viktige grunnar. For det første er boka eit spanande bekjentskap i seg sjølv, teksten riv deg med frå første stund, det er noko rått og hardt og upolert over boka som står godt i stil med det forteljinga handlar om - det umenneskelege slitet på eit japansk fabrikkskip på 1920-talet. For det andre står denne boka som eit sentralt verk i moderne japansk litteraturhistorie. Og for det tredje handlar boka om noko viktig, som også er høgst aktuelt i dag - nemleg utbyttinga av menneskeleg arbeidskraft under nedverdigande tilhøve.

Mykje av det du les om i boka er så grusomt at ein mest ikkje skulle tru det var sant - men det er sant, så ille var det i Japan på 1920-talet, og så ille er det mange stader i verda i dag. Me likar ikkje å tenkja på det, men sanninga er at det meste av vårt konsum i Vesten byggjer på rå utbytting av menneskeleg arbeidskraft i fattige land: komponentar i mobilen eller pc'en din er høgst sannsynleg laga av arbeidarar, ja barn!, med 12 timars arbeidsdag, ingen fridagar, som må halda eit høgt tempo og får sparken om dei blir sjuke. Dei billege kleda dine er sydd av småjenter ein stad i Austen. Leikene du kjøpar til ungane dine til jul kjem frå fabrikkar i Kina der det nettopp er - ja, ungar som lagar dei. Og som forbrukarar - også dei medvitne av oss! - er me veldig flinke til å lukka augene for det. Du viser gjerne fram den nye mobilen din, men vil helst ikkje tenkja på under kva tilhøve og til kva for ein mennneskeleg pris nokre av komponentane er laga.

Alt dette er "Krabbeskipet" ei ubehageleg påminning om. Kort fortalt: handlinga i boka går føre seg på eit fabrikkskip, der krabben som vert henta opp or havet vert hermetisert med det same. Fleire hundre mann jobbar på fabrikken. Tilhøva er elendige, det er lange arbeidsdagar og dei vert behandla som slavar, sett på som dyr, mishandla av oppsynsmannen - profitten står over menneskeliv, fortenesta betyr alt. Jaget etter forteneste reduserer den menneskelege verdien til null - under null! I tillegg gjer forfattaren eit meisterleg grep: det er ingen hovudpersonar i boka, det er ein kollektiv roman, skrive meir som ein reportasje, få av personane har namn, og det er ingen psykologiske skildringar. På dette viset trer det klart fram at den undertrykte arbeidarklassa er ein masse utan korkje namn eller andlet for den som sit i den andre enden og et av dei hermetiske krabbeboksane, som gjev blanke i korleis krabbekjøtet har hamna i boksen, samstundes som denne anonyme massen også - mot slutten av boka - vert forvandla til ein "masse" i positiv forstand - ein masse som veit å slå tilbake!

Straks boka vart publisert i 1929 vart ho forboden. Takiji Kobayashi var medlem av det japanske kommunistpartiet. To år etter at boka kom ut vart han pågripen av politiet, torturert og drepen.

Les "Krabbeskipet", om det er det siste du gjer! Boka har noko vesentleg å fortlja deg. Anten du er kristen eller ateist, sosialist eller konservativ - boka handlar om noko som bør angå oss alle. Den handlar om korleis umenneske behandlar andre menneske som umenneske - og at me bør reisa oss mot uretten.

PS. Eit godt og instruktivt etterord ved omsetjaren Magne Tørring.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine Louisemay britt Fagertveit