Viser 3 svar.
Har nettopp avslutta lesinga av Det lovede landet, siste bindet i Toril Brekke sin utvandrartrilogi. Må seie at eg er mektig imponert over hennar kunnskap om norsk utvandringshistorie i Amerika! Og så har ho fletta det fint inn i tre interessante, fengande romanar. Eg lika aller best dei to første bøkene. Kanskje fordi eg har tilknyting til både Ryfylke og Tinn. Personane i desse to bøkene kom tydelegare fram, tykkjer eg. Det siste bindet sveipa over veldig mange stader der nordmenn slo seg ned og mange hendingar i amerikansk liv og politikk på slutten av 1800-talet. Dette blei kanskje noko mykje, iallefall for Lasse sin del. Elles var det spennande å sjå korleis det enda med Lasse og Agnes. Dette fekk me vite på siste side. Det blei vel litt for tilfeldig til å verke heilt truverdig....
Jeg har også lest drømmen om Amerika og gullrush og likte bøkene godt. Jeg synes Drømmen om Amerika var best og brukte lenger til på Gullrush. Jeg gleder meg til å lese det lovende landet.