Ei lun, både vond og god forteljing om å vere på ei reise. Hovland fortel i denne boka to parallelle historier som er svært ulike, men samstundes kjem nokre av dei same stemningane og kjenslene fram. Lindemann er ute på reise for å finne ei jente frå barndomen, men det er òg ei ro og ein tryggleik han jaktar på. I den andre historia er det forteljaren som har fått vite at han er sjuk og førebur seg på korleis livet blir etter operasjonen han skal gjennom. Han skriv om daglege hendingar, om musikk og bøker og folka han treff. I god Hovlandstil. Dette er kanskje ei av dei rolegaste (m.o.t. tempo) Hovlandbøkene eg har lese til no, men vel verdt å lese.
Viser 2 svar.
Sleit med å skjønne slutten... :(
Jeg likte ikke oppbyggingen på boka; kjappe skift fra den ene hovedfortellingen til den andre fikk meg til å dirre av utålmodighet. Dagbokfortellingen ble så ensartet at jeg til slutt bare skummet gjennom dem, mens den andre fortellingen var fin og spennende og faktisk kunne minne om en Sandemo-historie...Det var en nerve der, og mennesker å bli glad i. Her likte jeg fiksjonen bedre enn det vanlige livet.