Eg har prøvd å finne dette sitatet i original, men ei rask gjennomlesing av "The First Part of King Henry the Sixth", "The Second Part Part of King Henry the Sixth" og "The Third Part of King Henry the Sixth" gav ikkje resultat. Så derfor: I kva for eit av dei tre skodespela står sitatet i IV.vii, og kven er det som seier desse orda som var så artige å lese for ein grammaticus?
Viser 3 svar.
I min utgave The Oxford Shakespeare, The Complete Works er originalsitatet som følgjer:
....
It will be proved to thy face that thou hast men about thee that usually talk of a noun and a verb and such abominable words as no Christian ear can endure to hear.
Dette er sagt av opprøraren John Cade (også kalla Mortimer, etter at han gjorde seg sjølv til riddar) i ein einetale. Han snakkar om Lord Saye.
I Arthur O. Sandveds omsetjing av Henry VI, andre del finn du sitatet på norsk, slik eg skreiv det, på side 170.
Nei, eg prøver ikkje gå den store diktaren i rangen ;)
Takk! Det står i "The Second Part of King Henry The Sixth".
Ja, det vart kanskje litt uklårt av omslagsbiletet, sidan det ikkje står at det dreier seg om den andre delen.