Eg vil helst lese pocketbøker. For etter å ha lest den så ser ein det på boka at den er lest. Eit fåtal av bøkene mine er innbundne, men dei syns eg ofte er litt tungare å lese, og nokre gonger slit eg litt i dei, for å få dei til å sjå slitt ut, for eg meinar at ei bok skal sjå brukt ut.

Eg likar ikkje så godt esel-ører, så ein kan finne mange rare bokmerker inni bøkene mine, bussbillettar, serviettar, pennar ol. Det som ligg innan rekkevidde rett og slett.

I bokhylla mi står bøkene etter denne rekkefølgen: - bøker eg har lest og som er favorittane i ei hylle. - bøker eg har lest, men som ikkje har merka seg ut i neste. - bøker eg har men som eg ikkje les eller som er avbrutt i ei hylle. - bøker som ventar på å bli lest i siste hylla.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Gløymde ein viktig ting: eg MÅ eige boka eg les eller ha lese. Syns det er kjempeflott med bibliotek og slik, men det gir ikkje same kjensla som å ha boka i si eiga bokhylle... !

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit RVibekeFiolHarald KAlice NordliReidun VærnesHildeMarit MogstadDemeterHeidi HoltanAnniken RøilKirsten LundPiippokattaEivind  VaksvikINA TORNESTine SundalDolly DuckRufsetufsaTove Obrestad WøienCecilieLinnKristine LouiseJulie StensethV. HulbackKetilPirelliBjørn SturødRositaIngunn SLailaGrete AastorpInger-LiseEllen E. MartolSol SkipnesStig TAnne Berit GrønbechEvaBjørg Marit TinholtBeathe SolbergYlva