Ein gamal favoritt om skrømt, satansprestar, psykoanalyse og kjærleiksintrigar. Takka vera NRK Radioteater har eg i tillegg eit svært ambivalent forhold til sydvestar. Riksmålskamerat Andre Bjerke har teft for å leggja inn stor faktakunnskap i romanane sine, om alt frå succubus til kortspel. Det, saman med dialogar mellom hovudstaden sine gløggaste og/eller rikaste hovuder, gjev eit svært høgverdig inntrykk. For balansen si skuld opptrer også eit par bygdetullingar, til dømes den svært underhaldande emisær Flateland. Forutan at forteljinga er fordømt spanande og ikkje minst skremmande; Bjerke spelar på dei basale tangentane i den menneskelege angst; angst for det ukjende. Heile tida raslar vitskap og tru mot kvarandre i bøkene, og Bjerke gjev dei begge taletid og ein todelt slutt der begge leirar får framleggja si forklaring.
Viser 3 svar.
Dette var min påskekrim i år, og jeg kan ikke tenke meg en mer perfekt bok . Litt gammelmodig, levende og troverdige karakterer, flotte naturskildringer, interessant plot og godt språk. Boka er i tillegg gjennomsyret av litterære referanser som Edgar Allan Poe og andre forfattere han så opp til(?), det føles som hans måte å hylle de på.
Hadde flere krimboken holdt dette nivået så ville vi ikke hørt så mye om at krim er dårlig litteratur.
Har ikke lest boka, men hørt Radioteaterets versjon mange ganger, første gang sammen med lillesøstera mi da vi var kanskje 10-12 år. Stykket gjorde et uutslettelig inntrykk, og jeg oppnådde gåsehud på armene denne gangen også da NRK sendte det igjen for 2-3 år siden. Det hender søstera mi nynner litt på musikken fra stykket og vi hensettes dermed umiddelbart i grøsser-stemning igjen. Dette radioteater-stykket overgås imidlertid av Stein Rivertons "Jernvognen" synes jeg. Denne boka er også utmerket dramatisert av NRK. Dette er muligens den boka jeg har lånt flest ganger av lillesøstera mi, og den er like fascinerende hver gang jeg leser den.
ja, dette var svært presist sagt - og berre så det er sagt: Dette er den typen kriminallitteratur som eg liker. her tenkjer eg ikkje akkurat på den "todelte løysinga", men elegansen, miljøskildingane - og ikkje minst at vi møter individ og ikkje typar. Her er gåter, men spor som den tenksame lesaren kan oppdage og følgje.