Såg ut som ei spennande og interessant bok og emne, men passasjar var ganske tørre og byråkratisk framlagte. Eg vil jo sei at eg lærte noko, men der var og kjend stoff han skriv om for oss som har ei interesse for dette temaet. Det viktigaste eg lærte var at spionasje og etterretning er ikkje frie fuglar, men underlagt lovgjeving og etiske regelverk for innhenting av hemmeleg informasjon. Og der er ingen "Lisence to kill" om nokon er av den oppfatninga. Ellers gjev forfattaren ein større bolk på slutten der han skriv om nødvendighten og sikkerhetsfaktoren spionasje gjev og at verden ikkje hadde vore ein betre stad utan, om nokon tykkjer spionasje er forkasteleg og etisk umoralsk. Språket til Stenslie er lett og elegant og med glimt i auga, medan andre parti kan vera tørre som knusk og "politikarspråk". Eg trur ikkje dette er ei bok for alle og einkvar, men dei som er spesielt interesserte. Ver budd på å få nokon av spionmytane knust.