Ei flott forteljing om kjærleiken mellom ein ung mann som kjem sørfrå for å jobbe som lærarvikar i ei lita veglaus bygd inst i ein fjord ein stad nordpå, og ei som vaskar på skulen. Ho har eit stort fødselsmerke i ansiktet, som pregar kven ho er og korleis ho omgåast andre. Imidlertid har ho ei rundt 10 år gamal dotter som er elev ved skulen. Hugs at vi no er på 50-60-talet, og det var neppe naturleg for læraren å innleie eit forhold til ei kvinne som Ada som var aleinemor og heldt seg mest for seg sjølv. Handlinga ligg mest på eit indre plan, men eg opplevde ikkje boka som kjedeleg, då ho rommar tema som til dømes denne usannnsynlege og vare kjærleiken. Det er fint og spanande å følgje den unge mannen dette året hans som lærar. Han er kanskje ikkje meir enn 20 år, og usikker på kva han skal bli som vaksen. Med i forteljinga er også ein lærarkollega og kona hans, i tillegg til ei dame som kollegaen prøver å spleise han med og til slutt ein mann som som hovudpersonen innleiar eit erotisk forhold til. Akkurat dette siste opplevde eg som unødvendig og distraherande, då det tok merksemd vekk frå hovudforteljinga om Ada.
Naturen kjem tett på i denne veglause bygda med fjord og fjell, mellom anna på sauesanking og multeplukking, og gjev liksom meir kraft til det indre dramaet i boka. Her finst berre naturen og dei grunnleggjande spørsmåla.
På slutten av boka reiser mannen som gamal tilbake til bygda, og utan å røpe noko, så opplevde eg slutten som både spanande og fin.
Viser 2 svar.
Enig i alt du skriver, og syntes dette var ei veldig fin bok.
Takk for tilbakemeldinga, Christoffer!