Umiskjenneleg Sundstøl. Handling på indre plan. Mykje gjentakingar, grubling, rørsle mellom fortid og notid, ein hovudperson som er i ferd med å gå til grunne, på same måte som Alexandria er det, og til slutt må han gjere eit grunnleggjande valg.
Hovudpersonen har ein døyande draum om å vere forfattar, men han er i ferd med å miste seg sjølv. Han har budd på eit hotellrom i Alexandria i eit halvt år. Byen han har lese om og fantasert om er ikkje den same som den fallerte og døyande i den verkelege verda. Han fantaserer om den 15-årige engelske jenta som bur på naborommet saman med foreldra, og når han mot slutten stel trusa hennar på klessnora på balkongen, så vidt utan å bli oppdaga, for ikkje å snakke om at han nesten dett ned seks etasjar, då er han i ferd med å nærme seg ein slutt på eine eller andre måten. Store delar av boka grublar han på Alexandria si fortid, på det kjende fyrtårnet, Cleopatra, Marcus Aurelius, Alexander den Store, den greske, romerske, kristne og gamalegyptiske arven og ikkje minst kjenner han seg mislukka som forfattar etter å ha gjeve ut ei dårleg, tynn diktsamling som den gong gjorde at han følte seg heva over den mislukka og tragiske rørleggar-faren, som alltid lukta svakt av kloakk. No er far hans daud, og han har brevet frå mor si i baklomma, men han har berre lese fyrste linja. Litt etter litt ser han likskapar mellom seg sjølv og faren, og innbiller seg også at faren har teke ny forn i ein ynkeleg skopussar i byen.
Mot slutten kjem han til ei grunnleggjande, konkret sanning, og kjøper ei notisblokk og ein penn og skriv at han heilt og haldent er skuld i det sjølv. Han innser at han er ein slik som må miste nesten alt for å kunne gå vidare. Fyrst no kan han kanskje klare å skrive noko av verdi.
Til slutt sit han seg på ein buss mot oasen Siwa. Dit reiste også Alexander den Store i år 331 f.kr, for å konsultere det kjende orakelet. Kva hovudpersonen i boka skal der er uvisst, men iallefall er det ein veg vidare.
Som sagt typisk Sundstøl. Tidvis går det litt treigt, og det blir ein god del gjentakingar og mykje grubling om fortid og notid, men det leiar før eller seinare inn til nokre djupare sanningar. Er elles vanlegvis noko å lære hos Sundstøl. I denne boka særleg om Alexandria og Egypt sin historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg oppgraderer med dette frå terningkast 4 til 5. Tenkjer ofte på denne boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Solum Bokvennen - STORT BOKSALG! Over 350 titler fra 40,-

Sist sett

MaikenMads Leonard HolvikNina M. Haugan FinnsonTor Arne DahlHeleneMorten JensenGeir SundetChristofferLinda NyrudEvaTine SundalTanteMamieritaolineTherese HolmHarald KToveingar hPär J ThorssonEllen E. MartolVannflaskeHelena ELailaPeter KihlmanLilleviSol SkipnesPer LundMarteHilde H HelsethRufsetufsaEirin EftevandJulie StensethCecilie69Fride LindsethAskBurlefotG LIngunn SLyriaKaren PatriciaMarit HåverstadKathleen Rani Hagen