Hoem skriv om forholdet sitt til Jesus. Boka er personleg og nær og i skjønnlitterær stil. Eit kort lesestykke for kvar dag i advent fram til 13. dag jul. Ulike sider ved Kristus kjem til syne for oss. Forfattaren fabulerer kring tekstane i kyrkjeåret, mellom anna møter vi dei tre vise menn, mor og far til Jesus, Judas og elles mange av læresveinane, døyparen Johannes og ein gamal mann som sit i hytta si og skriv ned historiane på pergament og gøymer dei i ei nærliggande hole. Ikkje minst fortel Hoem om tider i sitt eige liv der Jesus var eller i ettertid er blitt viktig for han.
Kristusfigurasjonar er vakker, lettlesen og interessant. Boka har berre 3 terningkast her inne, så derfor vil eg gjere merksam på ho.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenmarvikkisCecilie EllefsenVidar RingstrømToveWencheTone SundlandMarianne  SkageLailaBjørg  FrøysaaKristine LouiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaKareteTatiana WesserlingBente NogvaTrygve JakobsenLilleviHelge-Mikal HartvedtMarteLars MæhlumMarenChristofferElisabeth SveeMarit HeimstadHeidiPiippokattaNeraKjersti SInge KnoffEllen E. MartolBookiacAliceInsaneKirsten LundHarald KEivind  VaksvikIngunn SLene AndresenMarteÅsmund Ådnøy