Amalie Skram fanga meg denne gongen mest med dialogen mellom Else og overlegen. Spaninga ligg i om Else får sleppe ut, og eg lurte veldig på kva overlegen eigentleg tenkte. Mot slutten blei boka rørande og traff hjertet mitt, sidan eg følte med Else og hadde fulgt ho heile vegen frå ho lot seg legge inn hos Professor Hieronimus, vidare til St. Jørgen, og no endeleg når ho kanskje blir utskriven og får fridomen tilbake.
Innimellom samtalene mellom Else og overlegen, blei eg kjend med eit knippe av dei innlagde. Mange tragiske menneskeskjebner, alle skildra levande og med medkjensle. Nokre hadde vore der lenge, andre gjekk inn og ut alt etter gode og dårlege periodar.
Som vanleg skriv Amalie Skram heilt glimrande, og eg møtte ord og uttrykk frå ei svunnen tid som eg slo opp og undra meg over, og som gjorde meg klokare.
No når Else endeleg er fri, begynner oppgjeret med Professor Hieronimus. Ho vil skrive om den urett ho har opplevd. Ho er utskriven frå St. Jørgen, men Hieronimus har framleis grep om ho. Berre ved å skrive han ut, kan ho finne fred og få hemn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundEgil StangelandBjørg Marit TinholtSynnøve H HoelAmanda ASiv RønstadMarit MogstadRandiABenedikteLilleviDolly DuckReadninggirl30Gunn DuaasHanne Kvernmo RyePiippokattaTone HJulie StensethRonnyHelena EHarald KPer Åge SerigstadFrank Rosendahl SlettebakkenCarine OlsrødAvaMarit AamdalHilde VrangsagenKaren PatriciaHilde Merete GjessingKetilSynneSiv ÅrdalConnieNtotheaEster STor Arne DahlIngeborg GgretemorNorahRune U. FurbergAnne-Stine Ruud Husevåg