Takker for gode tips. Er nettopp ferdig med Tsjekovs tre år og likte den godt. Eg er overraska over kor lettlest boka var (eg har alltid sett for meg forfattarar som Tsjekov og Dostojevskij som tunge).

Fosse er eg svært glad i, men har berre lese nokre skodespel av han, så skal sjå om eg får tak i Andvake og kanskje Naustet i morgon.

Askilsen har eg også vore borti før, og fann utrulig nok, Samlede noveller i mammas bokhyller, så vert nok eit par av dei som kveldsaperitiff.

Blanchot og Pessoa har eg aldri høyrt om, men skal tråle biblioteket. Den anarkistiske bankier høyres svært interssant ut, men også litt tung. Lurer på om eg må bli vaksen før eg kan våge meg bort i den.

Takker igjen for gode tips og lukke til med di eiga lesing!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jo berre hyggeleg, Tsjekov er nok ikkje det same som dostojevskij akkurat så han går det ann å lese meir av. Og eg må seie at Askildsen er noko av det beste du kan lese på kvelden, det er noko med den lune stemninga, pleide før å lese askildsen før eg la meg. Pessoa og Blanchot kan du alltid ha til gode, sjølv om eg tvilar på at du er for ung til å bevege deg inn på dei. Sjølv så er eg akkurat ferdig med Charles Baudelaire og den skapende fantasi, skal til med Vladimir Odojevkijs Russiske netter, ser fram til det.. Mykje meir eg kunne anbefalt, berre å seie i frå. Sikker på at både askildsen og fosse fell i smak..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNina